[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Danium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Danium (òg kalla montium) er den første alderen i epoken paleocen, samt perioden paleogen. Starten på alderen er sett til krit-tertiær-utryddinga for 65,5 ± 0,3 millionar år sidan og enda for 61,7 ± 0,2 millionar år sida. Alderen er kalla opp etter Danmark.

Sjølv om alle dinosaurar, som ikkje utvikla seg til fuglar, forsvann, vart pattedyr og andre landdyr verande små, og ingen var større enn ein vanleg huskatt. Dei fleste pattedyrordenane hadde derimot alt dukka opp. Mange av forgjengarane til dagens fuglar overlevde, særleg rundt Australia, men òg andre stader som ved Nordsjøen. Hava var stort sett som dei hadde vore i sein krit, men det var mindre liv i sjøen og alle marine krypdyr hadde forsvunne.

Paleogen
Paleocen Eocen Oligocen
Danium | Selandium
Thanetium
Ypresium | Lutetium
Bartonium | Priabonium
Rupelium | Chattium