Cyan
Utsjånad
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Cyan (frå gresk κύανoς kýanos som tyder 'mørkeblå substans') kan nyttast som namn om ulike fargar i den blå-grøne delen av spekteret. Med tanke på det synlege spekteret refererer cyan til fargen som ein får ved å blande like delar av grønt og blått lys eller fjerning av raudt frå kvitt lys. I RGB-fargesystemet er defor cyan komplementaærfargen til raudt og i CMYK-fargesystemet absorberer cyan-pigment raudt lys. Cyan er ein av grunnfargane i det subtraktive fargesystemet CMYK.
Merk at turkis er ein nyanse av cyan og er knytt til fargen på edelsteinen turkis.