[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Curved Air – Live

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Curved Air - Live
Konsertalbum av Curved Air
Utgjeve Februar 1975
Innspelt 4. desember 1974
Spelestad Cardiff University og Bristol Polytechnic
Sjanger Progressiv rock
Lengd 47:07
Selskap BTM Records Ltd.
Produsent David Hitchcock for BTM Records
Curved Air-kronologi 
Air Cut
(1973)
Curved Air - Live Midnight Wire
(1975)


Curved Air – Live er eit konsertalbum av det engelske progressive rockebandet Curved Air. Det vart spelt inn under ein turné i desember 1974, der bandet var komen saman att, og gjeven ut i 1975.[1] Sjølv om albumet ikkje gjekk inn på salslistene, selde det godt nok til å betale for ein større skattesmell som hadde tvunge Curved Air til å kome saman att. Då rekninga var betalt slutta Francis Monkman og Florian Pilkington-Miksa igjen i gruppa.[2]

Vokalen til Sonja Kristina var utypisk for ho i 1970-åra. I følgje ho sjølv var det første ekteskapet hennar nettopp teke slutt og dette skapte ein villare og råare synging på scenen.[3]

Albumet bestod av opptak frå konsertane deira på Cardiff University og Bristol Polytechnic[4] i desember 1974 med Manor Mobile.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]

Allmusic skreiv at «Kristina syng her truleg det beste ho nokon gong har sunge, medan instrumenteringa rir grovt over trua på at Curved Air var på sitt beste i studio», og gjev stor ros til nesten alle spora på albumet.[1]

Side 1
Nr.TittelLengd
1.«It Happened Today»5:25
2.«Marie Antoinette»6:45
3.«Back Street Luv»3:43
4.«Propositions»7:42
Side 2
Nr.TittelLengd
5.«Young Mother»8:56
6.«Vivaldi»9:00
7.«Everdance»5:36

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Curved Air
  • Miksa i Air London Studios
  • Produsert av David Hitchcock[4] for BTM Productions
  • Lydteknikar og miksing av Django Johnny Punter
  • Assisterande lydteknikar – Phil Becque, Paul Nunn, Sean Milligan, Andy Morris og Alan Perkins[4]
  • Design og kunst av Liz Gilmore
  • Fotografi av Michael Allard for BTM design
  1. 1,0 1,1 1,2 Thompson, Dave. Curved Air – LiveAllmusic. Henta 11. april 2020.
  2. Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. ISBN 0-906071-66-6. p. 16.
  3. «Cherry Red TV interview». Cherry Red Records. Henta 9. april 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «allmusic ((( Live > Credits )))». www.allmusic.com. Henta 3. mai 2009.