[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Colin Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colin Eric Allen

Colin Allen, 1974
Fødd9. mai 1938 (86 år)
Bournemouth i Hampshire (no Dorset) i England
FødestadBournemouth
OpphavStorbritannia
Aktiv1958–2012
SjangerBlues
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarZoot Money's Big Roll Band
Dantalian's Chariot
John Mayall's Bluesbreakers
Mick Taylor
Focus
Bob Dylan
Stone the Crows
Rod Stewart
The British Blues Quintet
Brian Joseph Friel
Verka somjazzmusikar, trommeslagar, songtekstforfattar, låtskrivar

Colin Eric Allen (fødd 9. mai 1938) er ein engelsk trommeslagar og låtskrivar, ofte innan blues.

Allen byrja å spele trommer først då han var 18 år gammal og byrja etter kvart å spele med lokale jazzmusikarar i Bournemouth-området. I 1963 vart Allen medlem av Zoot Money's Big Roll Band, med mellom andre Andy Summers (seinare i The Police).[1] Allen flytta til London i 1964 i lag med Summers. Han har etter kvart spelt trommer for mange amerikanske og britiske musikarar, inkludert Bob Dylan, John Lee Hooker, Sonny Boy Williamson, Memphis Slim, Solomon Burke, John Mayall's Bluesbreakers, Mick Taylor, Focus, Donovan, Stone The Crows, Georgie Fame, Brian Joseph Friel,[2] og The British Blues Quintet med klaverspelaren Zoot Money, bassisten Colin Hodgkinson og vokalisten Maggie Bell.

  1. Zoot Money Arkivert 11. oktober 2003 ved Wayback Machine. Zoot Money.org
  2. Colin Allen at Allmusic