Chur
Chur | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Plessur | ||
Borgarmeister | Christian Boner | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
28,01 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
33 756 1 205,1 /km² | ||
Koordinatar | 46°51′0″N 9°32′0″E / 46.85000°N 9.53333°E | ||
Høgd over havet | 593 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7000-7007 | ||
Nettstad: www.chur.ch |
Chur eller Coire (retoromansk Cuira; italiensk Coira, fransk Coire) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Graubünden og ligg nord i kantonen. Kommunen har 33 756 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 593 meter over havet. Byen er hovudsakleg tyskspråkleg (81 %). Mange snakkar i tillegg retoromansk, og byen har eit retoromansk senter (Rätisches Museum). Italiensk vert snakka av ca. 5 %.
Byen ligg i Alpenrhein-dalen og har ein strategisk posisjon til fleire fjellovergangar, mellom anna til Oberalp-, Bernardino-, Splügen-, Julier- og Albulapasset. Chur ligg på høgresida av elva Plessur, like før han han renn ut av Schanfiggdalen, om lag 1,5 km før ho munnar ut i Rhinen. Han er nesten heilt omgjeven av Alpane, med fjella Mittenberg (aust) og Pizokel (sør).
Chur er den eldste byen og det aller første bispesetet på nordsida av Alpane. Curia vart i 15 f.Kr. hovudstaden i den romerske provinsen Raetia prima. Bispesetet vart første gongen nemnd i 451 e.Kr., men er sannsynlegvis eldre. Chur bispedømme eigde store område både i nærområda til byen, og i Engadin og Vinschgau i Tirol.
Skirennarane Yvonne Rüegg og Daniel Mahrer er frå Chur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chur» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- City of Chur - Offisiell nettstad (tysk)
- Turisme (tysk)