[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Chanel Terrero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chanel Terrero

Fødd28. juli 1991 (33 år)
FødestadHavanna
FødenamnChanel de las Mercedes Terrero Martínez
AliasChanel
OpphavCuba, Spania
Aktiv2009–
Sjangerlatino-pop
PlateselskapSony Music Spain
Verka somskodespelar, songar, ballerina
PrisarBronsemikrofonen

Chanel Terrero (fødd 28. juli 1991 i HavannaCuba), kjend under artistnamnet Chanel, er ein cubansk-spansk songar, skodespelar og dansar. Ho vann den spanske songtevlinga Benidorm Fest 2022 og representerte Spania i Eurovision Song Contest 2022 med songen «SloMo».

Terrero vart fødd i den cubanske hovudstaden Havanna i 1991, men som treåring flytta ho og familien til Olesa de Montserrat i Catalonia i Spania.[1] Allereie som barn tok ho kurs og undervisning innan ballett, song og skodespel.

Terrero flytta seinare til Madrid for å satse på ein skodespelarkarriere. Utover i 2010-åra vart ho kjend da ho spelte i musikalar som Mamma Mia!, Flashdance, Bodyguard og Løvenes konge. Ho gjorde seg også merka i ei rekkje mindre rollar på film og fjernsyn i Spania, blant anna deltok ho som dansar i realityprogrammet Tu cara me suena.[2] I 2010 dansa ho også med Shakira då ho opptredde under MTV Europe Music Awards.[3]

I desember 2021 kunngjorde den spanske ålmennkringkastaren RTVE at Chanel var blant dei 14 deltakarane i songtevlinga Benidorm Fest 2022. Tevlinga vart arrangert i Benidorm i slutten av januar 2022, og vinnaren fekk representere Spania i Eurovision Song Contest. Chanel vann den fyrste semifinalen 26. januar, og deretter vann ho finalen 29. januar med låten «SloMo».[4][5] Ho fekk dimed representere Spania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[6] I Eurovision Song Contest enda Chanel på tredjeplass, noko som var den beste plasseringa til Spania på 27 år. Ved heimkomsten i Madrid dagen etter finalen vart ho teken imot av fleire tusen fans på Plaza Mayor, og ho vart gratulert av den spanske kongefamilien.[7][8]

  1. Álvarez, Inés (16. mars 2019). «Chanel Terrero: 'La escena del agua de Flashdance es muy divertida de hacer'». elperiodico (på spansk). Henta 30. januar 2022. 
  2. Hernández, Carla (26. januar 2022). «Así es Chanel, la artista y "fiera luchadora" que nos representará en Eurovisión». vanitatis.elconfidencial.com (på spansk). Henta 30. januar 2022. 
  3. «¿Quién es Chanel, la sorprendente ganadora de la primera semifinal del Benidorm Fest?». La Vanguardia (på spansk). 27. januar 2022. Henta 30. januar 2022. 
  4. Davies, Megan (26. januar 2022). «🇪🇸 Spain: Four Qualify From Benidorm Fest First Semi-Final». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. januar 2022. 
  5. Farren, Neil (29. januar 2022). «🇪🇸 Spain: Chanel to Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). Henta 30. januar 2022. 
  6. «Chanel wins Benidorm Fest 2022 in Spain with "SloMo"». wiwibloggs (på engelsk). 29. januar 2022. Henta 30. januar 2022. 
  7. «El increíble recibimiento a CHANEL en la Plaza Mayor de Madrid tras Eurovisión 2022 | LOS40» (på norsk bokmål). Henta 19. mai 2022. 
  8. «Yaaas Queen: Chanel receives congratulations letter from the Royal Family after Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 17. mai 2022. Henta 19. mai 2022.