[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Casus belli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Casus belli (latin, krigstilfelle) er ei hending som gjev grunnlag for å føre krig mot ein stat. Kva som vert sett på som eit casus belli har variert opp igjennom historia. I dag vert eit væpna åtak på ein stat eller ein slutnad i Tryggingsrådet i SN om ein militær aksjon rekna som eit casus belli.