Eg heiter Linus, er fødd i 1977 och bur i Tallinn.
Eg tok eksamen i russisk i 1992. Etter grunnskulen gjekk eg på det treårige samfunnsvitskapelege programmet, heilklassisk grein, og studerte deretter nordiske språk og engelsk ved Mitthögskolan i Östersund. Eg var også korleiar i studentrevyen på skulen. Eg har gått på reiseleiarkurs på Kypros, arbeidd som avisbod og lærar i russisk på et studieforbund i min barndomsby Östersund og servitør utanfor Harstad. Mellom åra 2000 og 2010 arbeidde eg i eit medieovervakingsføretak, der eg fyrst hadde stilling som redaktør, og sidan som lektør. Etter eit millomspel i bransjen for reality-tv, arbeider eg atter i eit medieovervakingsføretak.
Når eg ikkje er på jobb, syng eg tenor i kor. Eg spelar og akustisk gitar og piano og eg kan skrive og lese notar. Eg likar å reise, og Frankrike og Estland ligg meg varmt om hjarta.
Dei store interessa mine er musikk og språk, men båe desse fører ein ofte inn på ein masse anna. Her på Wikipedia skriv eg om alt mogleg. Mitt yrke som medieovervakar har gjort at eg har innblikk i dei fleste fagområde.