Bratteli
Utsjånad
Bratteli | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Bratteli 59°01′00″N 6°15′46″E / 59.016666666667°N 6.2627777777778°E |
Bratteli eller Brattlia[1] er ein liten stad ved nordsida av Lysefjorden i Ryfylke, vest for Bakken gard. Bratteli har eigen kai, med anløp frå hurtigbåt og turistferje. Opphavleg var det ein gard (Bratteli) og to husmannsplassar (Midtre Bratteli og Øvre Bratteli) på staden. I dag er gardane fråflytta og omgjort til hytter. Det går sti til Bakken gard mot aust, og til Preikstolområdet mot vest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bratteli» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2012.