[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Bill Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bill Stewart

Fødd18. oktober 1966 (58 år)
FødestadDes Moines
OpphavUSA
Sjangerjazz, postbop
Instrumenttrommesett
PlateselskapBlue Note
Verka somjazzmusikar

Bill Stewart (fødd 18. oktober 1966) er ein amerikansk trommeslagar, rekna som ein av dei fremste i sin generasjon.

Stewart voks opp i Iowa og studerte musikk ved William Patterson University i New Jersey. Etter studiane flytta han til New York, der han etterkvart byrja å spele i John Scofield sin kvartett. Han har seinare spelt med kjende musikarar som Maceo Parker, Lee Konitz, Michael Brecker og Pat Metheney. Stewart starta også ein trio med organisten Larry Goldings og gitaristen Peter Berstein. Nokre av innspelingane med dette bandet har vorte gjeve ut under bandnamnet Bill Stewart Trio. I tillegg har han gjeve ut fleire plater med andre besetningar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]