Bijsk
Bijsk Бийск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Altaj kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1709 1782 | ||
Borgarmeister | Anatolij Mossijevski | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
292 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
223 000 763,7 /km² | ||
Koordinatar | 52°31′0″N 85°10′0″E / 52.51667°N 85.16667°E | ||
Høgd over havet | 180 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
OMST (UTC+6) OMSST (UTC+7) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 659300–659336 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3854 | ||
Nettstad: www.gorod.biysk.ru |
Bijsk (russisk Бийск) er den nest største byen i Altaj kraj i Russland (etter Barnaul). Han ligg ved elva Bija, rundt 130 km søraust for Barnaul. I 2007 hadde han om lag 225 000 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagt i 1709 som ei festning etter ordre frå Peter den store, men etter mindre enn eitt år vart han brent av ei nomadisk stamme og så gjenoppbygd i 1718. Bijsk mista gradvis rolla si som militærbase, men vart eit viktig handelssenter og fekk byrettar i 1782.
Industrien i byen voks raskt, særskild etter at fabrikkar vart evakuert frå vestlege område av Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Seinare vart han eit senter for våpenutvikling og produksjon og er framleis eit viktig industrisenter.
Bijsk har ein jernbanestasjon, ei elvehamn ved Bija og Bijsk lufthamn som ligg 12 km søraust for sentrum av byen. Hovudvegen Novosibirsk-Bijsk-Tasjanta (Tsjujskijveien) går gjennom byen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad for Bijsk Arkivert 2020-10-20 ved Wayback Machine.
- Uoffisiell nettstad for Bijsk Arkivert 2005-03-13 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bijsk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2008.