[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Bahamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Commonwealth of The Bahamas

(norsk: Bahamas, bahamansk)

Det bahamanske flagget Det bahamanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «March On, Bahamaland»
Motto Engelsk: Forward, upward, onward, together
(Framover, oppover, vidare, saman)
Geografisk plassering av Bahamas
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Nassau
Styresett
Monarki
Charles III
Cynthia A. Pratt
Philip Davis
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
13 880 km² (157.)
28 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
329 988 (175.)
23,8 /km² (155.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
10. juli 1973
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
9 231 mill. USD (154.)
26 400 USD (51.)
Valuta Bahamansk dollar
Tidssone UTC -5
Telefonkode +1-242
Toppnivådomene .bs


Bahamas (engelsk The Bahamas), eller formelt Bahamassambandet (engelsk Commonwealth of The Bahamas), er ein sjølvstendig engelskspråkleg stat i Karibia. Landet er ei samling av 700 øyar i Atlanterhavet, austom Florida i USA, nord for Cuba og resten av Det karibiske havet, og dessutan vest for Turks- og Caicosøyane. Rundt 30 av øyane er folkesette.

Christopher Columbus steig i land på øya San Salvador i 1492 var øyane folkesette av arawakfolk. I 1647 byrja britar å busetja seg i området. I 1783 blei øyane ein britisk koloni. Bahamas blei sjølvstendig i 1973.

Kart over Bahamas

Den største øya i Bahamas er Andros, som ligg heilt i vest. Andre øyar er Eleuthera, Cat Island, Long Island, San Salvador, Acklins, Crooked Island, Exuma og Mayaguana.

Hovudstaden og største byen på Bahamas er Nassau, som ligg på den vesle øya New Providence. Turks- og Caicosøyene og tre øyar til er ei geografisk fortsetjing av Bahamas, men høyrer ikkje til Bahamas-samveldet.

Bahamas har eit subtropisk klima som er påverka av Golfstraumen og nordaustpassaten. Særleg om vinteren blir klimaet betydeleg moderert av Golfstraumen. August er den varmaste månaden, medan januar er den kaldaste. I hovudstaden Nassau er middeltemperaturen 20 °C i januar og 27 °C i august. Det kjem kring 1000-1500 mm nedbør på eit år og mest nedbør kjem det på sommaren.

Orkanar er eit trugsmål frå midten av juli til midten av september.[1] I 2019 blei landet hardt ramma av orkanen Dorian.[2] Orkanen var den sterkaste som var blitt registrert i Atlanterhavet sidan 1935, og hadde ein styrke på fem då han traff øygruppa.[3] Dorian traff Bahamas den 1. september og brukte to døgn på å forlate øygruppa.[4] Over 70 000 blei heimlause, nesten ein femtedel av befolkninga.[5]

Paleo-indianarar kan ha vore busette i området opphavleg, men blei fortrengde av arawak-talande tainofolk frå Hispaniola og Cuba som innvandra til det sørlege Bahamas på 700-talet og etter kvart danna folkesetnadsgruppa lucayanarar.[6] Det er gjort eit overslag på at det fanst 40 000 lucayanarar i området då Christofer Colombus kom til øyane. Columbus gjorde sin første landgang i Amerika var på øya San Salvador (òg kalla Watling Island etter ein seinare engelsk sjørøvar), som høyrer til dei sørlege delane av Bahamas. Det var her Columbus fekk kontakt med lucayanarane og byrja å bytta varer med dei.

Etter at dei bahamanske lucayanarane blei sende til Hispaniola som slavar, gjekk mange lucayanske samfunn til grunne. Folkesetnaden blei redusert gjennom tvangsarbeid, tvinga militærteneste, utvandring og ekteskap, og av dei innførte europeiske sjukdommane som dei mangla resistens mot. Etter at den lucayanske folkesetnaden var nesten utrydda, var øyane praktisk talt utan busetjing heilt til engelske kolonistar kom frå Bermuda i 1647. Dei såkalla «eleutherianske eventyrarane» busette seg på øya Eleuthera.

Bahamas blei ein britisk kronkoloni i 1718. Omtrent 8 000 lojalistar og slavane deira kom til øyane seint på 1700-talet frå dei nordamerikanske delstatane New York, Florida og Carolina. Slaveriet blei endeleg oppheva i heile Det britiske imperiet 1. august 1834, og dette gjaldt òg for Bahamas. Dette førte til at mange rømde slavar flykta over havet frå USA i voner om å få fridom på Bahamas.

Britane gav øyane indre sjølvstyre i 1964, og i 1973 fekk Bahamas fullt sjølvstende. Landet heldt fram som monarki med dronning Elisabeth II som statsoverhovud. Det blei medlem av Samveldet av nasjonar.

Politikk og administrasjon

[endre | endre wikiteksten]
Regjeringsbygningen i Nassau

Bahamas har vore ein sjølvstendig stat sidan 1973. Dei lovgjevande og politiske tradisjonane i landet står dei til Storbritannia.

Den ikkje-fastbuande monarken av Bahamas, Elisabeth II, er det seremonielle statsoverhovudet, representert av ein bahamansk generalguvernør. Statsministeren er regjeringssjefen, og er leiar av partiet med flest medlemmar i det valde House of Assembly. Det andre kammeret utanom House of Assembly er Overhuset eller Senatet. Medlemmane i senatet er ikkje folkevalde, men blir utnemnde av generalguvernøren. Den utøvande makta ligg hos regjeringa, medan den lovgivande makta blir utøvt av både regjeringa og dei to kammera.

Partisystemet er dominert av Det progressive liberale partiet, som er eit sentrum-venstre parti, og Den frie nasjonale rørsla, som er eit sentrum-høgre parti. Det finst òg andre små parti som ikkje har vunne val til parlamentet. Av desse partia kan nemnast Bahamas demokratiske rørsle, Samlinga for demokratisk reform og Det bahamanske nasjonalistpartiet.

Konstitusjonelt vern inkluderer ytrings- og pressefridom, religions- og organisasjonsfridom. Bahamas er eit fullverdig deltakande medlem av CARICOM, den karibiske fellesskapen.

Den dømmande makta ligg hjå den utøvande makta og den lovgjevande forsamlinga. Rettssystemet er basert på britisk alminneleg lov («common law»).

Administrative distrikt

[endre | endre wikiteksten]

Forsvars- og utanrikspolitikk

[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsstyrken i landet, Royal Bahamas Defence Force, blei skipa i 1980. I tillegg til oppgåva med å ivareta forsvaret av landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[7]

Royal Bahamas Defence Force består av ein sjøforsvarsskvadron og ein luftforsvarssving. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 1 061 mann (2010).[8]

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]
Cruiseskip i Nassau

Den største industrien på Bahamas er turistindustrien. Hovudstaden Nassau har jamleg besøk av cruiseskip. Turistindustrien står for rundt 50 % av BNP for Bahamas, og sysselset også rundt halvparten av arbeidskrafta i landet.[9] [10] I 2012 hadde Bahamas 5,8 millionar turistar, der over 70 % var cruisepassasjerar.[11]

Etter turisme er den viktigaste økonomiske sektoren bankverksemd og offshore-finans, noko som står for rundt 15 % av BNP.[9] Landet har eit svært lågt skattetrykk (tidvis kalla eit skatteparadis). Det offentlege får inntekter frå toll, moms, lisensar, eigedoms- og salsskatt, men det finst ingen inntektsskatt, selskapsskatt, utbytteskatt eller formueskatt. Arbeidsgjevaravgift på 3,9 % frå arbeidstakaren og 5,9 % frå arbeidsgjevaren betaler sosialsforsikring.[12] I 2010 var skatteinntektene som del av BNP på 17,2 %.[13]

Jordbruk og fabrikkindustri er den tredje største økonomiske sektoren på Bahamas, og står for 5–7 % av BNP.[9] Ein reknar med at 80 % av maten i landet er importert. Viktige avlingar er lauk, okra, tomat, appelsin, grapefrukt, agurk, sukkerrøyr, sitron, lime og søtpotet.[14]

Junkanoo-feiring i Nassau

Kulturen på øyane er forma av afrikansk, britisk og amerikansk påverknad. Afro-bahamianarar er den største folkegruppa på øya, britane var tidlegare kolonimakta, og amerikanarar er det mektigaste landet i regionen og den største turistgruppa.[6]

Junkanoo er ei tradisjonell afro-bahamiansk feiring som omfattar gateparadar eller rushing, musikk, dans og kunst. Han blir halden i Nassau og nokre andre busetnadar på andre juledag og nyttårsdag, i tillegg til andre markeringar som Emancipation Day.[6]

Regattaer er viktige sosiale hendingar som kan omfatta fleire dagar med segling i gammaldagse arbeidsbåtar, i tillegg til ein festival på land.[15]

Nokre busetnader har festivalar knytte til tradisjonelle avlingar eller matrettar knytte til staden, som Pineapple Fest i Gregory Town på Eleuthera eller Crab Fest på Andros.

Bahamas har ein rik litterær tradisjon som mellom anna omfattar poesi, noveller og drama. Nokre kjende forfattarar er Susan Wallace, Percival Miller, Robert Johnson, Raymond Brown, O.M. Smith, William Johnson, Eddie Minnis og Winston Saunders.[16][17]

Popgruppa Baha Men, som er best kjend for hitten «Who Let the Dogs Out» frå 2000, er frå øystaten.

  1. Thuesen, Nils Petter (30. juli 2019). «Bahamas». Store norske leksikon (på norsk). Henta 9. september 2019. 
  2. Ihle, Marthe (4. september 2019). «Rystende bilder etter superorkanen». Dagbladet.no (på norsk). Henta 4. september 2019. 
  3. «Advarer om ekstrem ødeleggelse av Dorian: 13.000 hjem skadet eller ødelagt». www.vg.no (på norsk bokmål). 2. september 2019. Henta 4. september 2019. 
  4. CNN, Ray Sanchez (4. september 2019). «'There is nothing here': For the 70,000 in the Bahamas left homeless by Dorian, the future is uncertain». CNN. Henta 9. september 2019. «Dorian pummeled Abaco and Grand Bahama Islands for two days, with 30 inches of rain and a storm surge as high as 23 feet.» 
  5. CNN, Ray Sanchez (8. september 2019). «'There is nothing here': For the 70,000 in the Bahamas left homeless by Dorian, the future is uncertain». CNN. Henta 9. september 2019. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Encyclopedia Britannica – The Bahamas». Henta 22. juli 2019. 
  7. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113-114.
  8. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 116.
  9. 9,0 9,1 9,2 Country Comparison :: GDP – per capita (PPP) Arkivert 2015-04-23 ved Wayback Machine.. CIA World Factbook.
  10. "The Bahamas – Economy", Encyclopedia of the Nations, henta 21. mars 2010.
  11. Spencer, Andrew (14 July 2018). Travel and Tourism in the Caribbean: Challenges and Opportunities for Small Island Developing States (på engelsk). Springer. ISBN 978-3-319-69581-5. 
  12. «Contributions Table». The National Insurance Board of The Commonwealth of The Bahamas. 11. mai 2010. Henta 22. desember 2011. 
  13. Bahamas, The. CIA World Factbook.
  14. Group, Taylor & Francis (2004). Europa World Year (på engelsk). Taylor & Francis. ISBN 978-1-85743-254-1. 
  15. «Native Boat Regattas in The Bahamas». World Nomads. Henta 4. februar 2021. 
  16. Collinwood, Dean W. and Dodge, Steve (1989) Modern Bahamian Society, Caribbean Books, ISBN 0931209013.
  17. Collinwood, Dean; Phillips, Rick (1990). «The National Literature of the New Bahamas». Weber Studies 7 (1): 43–62. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bahamas