[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Baganda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unge bagandakvinner i tradisjonelle klede, busuuti og kikoyi.

Baganda, òg kalla ganda, er eit bantufolk som utgjer den største etniske gruppa i Uganda. Det tradisjonelle heimlandet deira er Kongeriket Buganda, eit område sentralt og sør i Uganda. Baganda er fleirtalsforma av namnet folkeslaget, ein einskildperson er kalla ein muganda. Språket deira er luganda.

Gruppa omfattar 52 tradisjonelle klanar (men sidan ein gjennomgang i 1993 er berre 46 offisielt anerkjende). Baganda utgjorde 16,5 prosent av innbyggjarane i Uganda ved folketeljinga i 2014.[1] Dei omfattar kring 5,56 millionar menneske i Uganda.[1][2] I tillegg finst det ein høveleg stor utanlandsk diaspora, med organiserte grupper i Canada, Storbritannia, Sverige, Sør-Afrika og USA.[3] Ifølgje folketeljinga i Uganda frå 2002 var 42,7 % av bagandafolk katolikkar, 27,4 % var anglikanarar (Church of Uganda), 23 % var muslimar og 4,3 % var pinsevennar.[4]

  1. 1,0 1,1 «2014 Uganda Population and Housing Census – Main Report» (PDF). Uganda Bureau of Statistics. Arkivert frå originalen (PDF) 12. oktober 2017. Henta 17. april 2018. 
  2. «Baganda». Countries and Their Cultures. Arkivert frå originalen 29. juli 2010. Henta 22. juli 2010. 
  3. Mukasa E. Ssemakula. «Baganda in the Diaspora». The Buganda Home Page. Arkivert frå originalen 19. august 2010. Henta 22. juli 2010. 
  4. «Population Composition» (PDF). ubos.org. Henta 7. august 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Baganda