Back in the U.S.A.
Back in the U.S.A. Singel av Chuck Berry | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1959 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Chess 1729 | |
Komponist | Chuck Berry | |
Tekstforfattar | Chuck Berry | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
Chuck Berry-kronologi | ||
Almost Grown (1959) |
Back in the U.S.A. | Broken Arrow (1959)
|
«Back in the U.S.A.» er ein song av Chuck Berry, gjeven ut i 1959 og vart då ein hit. Ein coverversjon i 1978 av Linda Ronstadt vart òg ein hit. .
Chuck Berry-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Chuck Berry gav først ut songen på Chess Records i 1959 som singel. Singelen nådde 37. plassen på Billboard Hot 100. Han nådde òg 16. plassen på R&B-lista. Songen kom seinare ut på Berry-albumet More Chuck Berry i 1962. Teksten vart visstnok skriven etter at Berry kom attende til USA etter ei reise til Australia og sett levevilkåra til aboriginane.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Songen vart spelt inn 17. februar 1959, i Chicago.
- Chuck Berry, vokal og gitar
- Johnnie Johnson på piano
- Willie Dixon på bass
- Fred Below på trommer
- Etta James og The Marquees, korvokal
Etta James og The Marquees, med ein ung Marvin Gaye, syng korvokal på innspelinga, som vart produsert av Leonard og Phil Chess.[1]
Linda Ronstadt-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Back in the USA Singel av Linda Ronstadt frå albumet Living in the USA | ||
B-side |
White Rhythm & Blues | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. august 1978 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:02 | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Chuck Berry | |
Tekstforfattar | Chuck Berry | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
«Tumbling Dice» (1978) |
Back in the USA | «Ooh Baby Baby» (1978)
|
Ronstadt hadde høyrd Berry-originalen då ho vart køyrd kring Los Angeles av Eagles-medlemmet Glenn Frey, som ein gong hadde spelt i bandet hennar. Songen var på ein kassett som Frey hadde teke opp sjølv.[2]
Singelen til Ronstadt nådde 11. plassen på Cash Box-lista og 16. plassen på Billboard Hot 100-lista. 16. oktober 1987 gjekk Ronstadt på scenen med Chuck Berry i Fox Theater i St Louis som ein del av 60-årsfeiringa til Berry. Trass i at songen var øvd inn i C, la Berry han om til G, ein mykje høgare toneart, utan at Ronstadt var klar over det. I følgje produsenten Slocombe var «Linda Ronstadt så profesjonell. Du kan ikkje høyre at ho slit. Men ho vart så forbanna at ho gjekk rett av scenen etter songen og køyrde heim og kom ikkje attende for den andre konserten. Ronstadt/Berry-framføringa av «Back in the U.S.A.» vart filma og gjeven ut i 1987 som filmen Hail! Hail! Rock 'n' Roll.[3]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Linda Ronstadt – solovokal
- Dan Dugmore – elektrisk gitar
- Waddy Wachtel – elektrisk gitar, korvokal
- Don Grolnick – piano
- Kenny Edwards – bass, korvokal
- Russell Kunkel – trommer
- Peter Asher – korvokal
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- «Back in the USA» vart parodiert av The Beatles med songen deira «Back in the U.S.S.R.» frå The Beatles (eller White Album) i 1968.[12]
- MC5 spelte inn songen i 1970 på det andre albumet sitt, som òg vart kalla Back in the USA.
- I 1972 vart songen spelt inn av Banana and the Bunch på albumet Mid-Mountain Ranch.
- I 1972 kom eit konsertopptak ut på albumet Roadwork av Edgar Winter's White Trash.
- Songen vart spelt av Jonathan Richman og The Modern Lovers i 1976 på det sjølvoppkalla andrealbumet deira.
- Gene Summers spelte songen i 1983 på albumet hans 'Live' In Scandinavia, og han nytta ofte songen som opningsnummer på konsertane sine.[13]
- Chris Robinson og Rich Robinson frå The Black Crowes framførte songen under Kennedy Center Honors for Berry i 2000.
- Songen var avslutningsnummer av Bruce Springsteen and the E Street Band på eit kjend konsert i Main Point i Bryn Mawr den 5. februar 1975.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Back in the U.S.A.» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Berry, Chuck, Chuck Berry: The Anthology, CD, 088 1120304-2, MCA Records, Chess, 2000, liner notes
- ↑ Eliot, Marc (2005). To the Limit: the untold story of the Eagles (1st DaCapo Press utg.). Cambridge MA: DaCapo Press. s. 177–178. ISBN 0-306-81398-X.
- ↑ Pegg, Bruce (2002). Brown Eyed Handsome Man:the life and hard times of Chuck Berry. NYC: Routledge. s. 221. ISBN 0-415-93748-5.
- ↑ «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 5. desember 2020. Henta 26. desember 2016.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». 30. mars 2012. Henta 26. januar 2017.
- ↑ «South African Rock Lists Website - SA Charts 1965 - 1989 Songs (A-B)».
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ «Cash Box Top 100 Singles, 28. oktober 1978». Arkivert frå originalen 29. september 2018. Henta 18. mars 2017.
- ↑ Bac-lac.gc.ca
- ↑ Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X.
- ↑ «Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 30. desember 1978». Arkivert frå originalen 29. september 2018. Henta 18. mars 2017.
- ↑ Miles, Barry, Paul McCartney:Many Years From Now, Henry Holt and Company, New York,1997 p. 422
- ↑ Gene Summers «Live» In Scandinavia LP Sunrock Records #SRLP 841, 1983, Sweden. «Back In The USA» concert's opening track.
- Songar frå 1959
- Singlar frå 1959
- Asylum Records-singlar
- Chess Records-singlar
- Chuck Berry-songar
- Singlar frå 1995
- Singlar frå 1996
- Songar om USA
- Songar skrivne av Chuck Berry
- Linda Ronstadt-songar
- Gene Summers-songar
- MC5-songar
- Edgar Winter-songar
- The Modern Lovers-songar
- New York Dolls-songar
- Derringer-songar
- Ronnie Wood-songar