Baby I Need Your Loving
Baby I Need Your Loving Singel av Four Tops frå albumet Four Tops | ||
B-side |
«Call on Me» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. juli 1964 | |
Innspelt | Hitsville U.S.A. (Studio A); 8. juli 1964 | |
Sjanger | Soul/pop | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | Motown M 1062 | |
Komponist | Lamont Dozier, Brian Holland, Eddie Holland | |
Tekstforfattar | Lamont Dozier, Brian Holland, Eddie Holland | |
Låtskrivar(ar) | Holland–Dozier–Holland | |
Produsent | Brian Holland Lamont Dozier | |
Four Tops-kronologi | ||
«Pennies From Heaven» (1962) |
Baby I Need Your Loving | «Without the One You Love (Life's Not Worth While)» (1964)
|
«Baby I Need Your Loving» er ein song frå 1964 spelt inn av Four Tops for Motown. Songen er skriven og produsert av det vanlege produksjonsteamet ved Motown, Holland–Dozier–Holland,[1] g songen vart den første singelen til gruppa for Motown og den første som nådde Topp 20 i USA, med ein 11. plass på Billboard Hot 100 hausten 1964. Han var òg den første singelen deira som selde ein million eksemplar.
Den britiske gruppa The Fourmost gav ut sin versjon av songen same året, og denne nådde 24. plassen i november 1964. The Supremes spelte inn songen i 1966 på albumet The Supremes A' Go Go. Songen vart spelt inn av Johnny Rivers i 1967. Versjonen hans, kalla «Baby I Need Your Lovin'», vart gjeven ut som singel, og nådde tredjeplassen på Billboard-lista. Han vart òg framført som ein duett av Marvin Gaye og Tammi Terrell i 1969 på albumet Easy. O.C. Smith spelte inn songen og nådde 52. plassen på singellista i 1970, og Eric Carmen spelte inn songen i 1979, og nådde då 62. plassen på lista. Sandie Shaw har òg spelt inn ein versjon av songen, og det same gjorde Carl Carlton (1982), Gene Pitney og den britiske popgruppa Dreamhouse (1998). I 2000 spelte Westlife songen som ein del av ein medley.
Rolling Stone rangerte originalversjonen til The Four Tops på 400. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Solovokal av Levi Stubbs.
- Korvokal av Renaldo «Obie» Benson, Lawrence Payton, Abdul «Duke» Fakir og The Andantes: Jackie Hicks, Marlene Barrow, and Louvain Demps.
- Instrument av The Funk Brothers og Detroit Symphony Orchestra (strykarar).
- Skriven av Brian Holland, Lamont Dozier og Edward Holland, Jr..
- Produsert av Brian Holland and Lamont Dozier.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baby I Need Your Loving» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 50 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 6] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Rolling Stone 500 Best Songs
401: «Summer in the City» The Lovin' Spoonful |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 400 «Baby I Need Your Loving» The Four Tops |
399: «Just My Imagination» The Temptations |
- Songar frå 1964
- Singlar frå 1964
- Singlar frå 1967
- Singlar frå 1970
- Singlar frå 1979
- Four Tops-songar
- Songar skrivne av Holland–Dozier–Holland
- Motown-songar
- Songar produserte av Brian Holland
- Songar produserte av Lamont Dozier
- Johnny Rivers-songar
- Marvin Gaye-songar
- Tammi Terrell-songar
- The Supremes-songar
- Eric Carmen-songar
- Sandie Shaw-songar
- Gene Pitney-songar
- Westlife-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone