[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Aust-Nusa Tenggara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aust-Nusa Tenggara
provins
Symbol
Land  Indonesia
Hovudstad Kupang
Areal 48 718,1 km²
Folketal 5 070 746 (2014)
Kart
Aust-Nusa Tenggara
10°11′00″S 123°35′00″E / 10.183333333333°S 123.58333333333°E / -10.183333333333; 123.58333333333
Provinsen Aust-Nusa Tenggara markert med raud farge.
Provinsen Aust-Nusa Tenggara markert med raud farge.
Provinsen Aust-Nusa Tenggara markert med raud farge.
Wikimedia Commons: East Nusa Tenggara

Aust-Nusa Tenggara (indonesisk Nusa Tenggara Timur) er ein provins i øystaten Indonesia, i den austlegaste delen av dei små Sundaøyane, medrekna Vest-Timor. Provinsen har eit flatemål på 48 718 km² og eit folketal på om lag 5,1 millionar. Provinshovudstaden Kupang ligg i Vest-Timor. Aust-Nusa Tenggara er den einaste provinsen i Indonesia der romersk-katolisismen er den dominerande religionen.

Provinsen består av ikring 566 øyar, men er dominert av dei tre hovudøyane; Flores, Sumba og Vest-Timor, den vestlege halvparten av øya Timor. Andre større og mindre øyar er Adonara, Alor, Komodo, Lembata, Menipo, Raijua, Rincah, Roti (den sørlegaste øya i heile Indonesia), Savu, Semau og Solor. Høgste fjellet i provinsen er det 2 427 moh høge Mutis i Timor Tengah Selatan-distriktet.[1]

  1. The Meto People on Mutis Mountain, Travel Destination Indonesia, arkivert frå originalen 7. juli 2011, henta 3. juli 2010 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Aust-Nusa Tenggara