Atle Antonsen
Treng oppdatering |
Atle Antonsen | |||
| |||
Fødd | 11. august 1969 (55 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lillehammer kommune | ||
Aktive år | 1998– | ||
Verka som | skodespelar, komikar, politikar, regissør, manusforfattar, stemmeskodespelar, plytrar | ||
Prisar | Gullruten for beste skodespelar |
Atle Antonsen (fødd 11. august 1969 i Lillehammer) er ein norsk komikar og skodespelar. Han er kjent for fleire humorprogram på TV, som medlem i bandet DDR, for Lompelandslaget og som frontfigur for Det Politiske Parti.
Av TV-programma Antonsen har medverka i kan nemnast Mandagsklubben på TV Norge og Team Antonsen og Uti vår hage på NRK. Han har også medverka i radioprogrammet Misjonen på P4 saman med Johan Golden. Frå 2006 har han også opptrådt med Team Eckbo, ein sceneproduksjon i samarbeid med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Espen Eckbo. Antonsen er dessutan kjent for plystringa si.[1]
Antonsen har vunne Komiprisen tre gonger; i 2004 i klassen beste stand up-artist og i 2007 og 2008 i klassen beste mannlege artist i revy og komedie. Under Gullruten 2006 vart han kåra til beste mannlege skodespelar for Tre brødre som ikke er brødre. Han har bidrege til den norskdubba versjonen av enkelte animasjonsfilmar, og er i tillegg stemma til hovudpersonen i den norske animasjonsfilmen «Kurt blir grusom».
Frammøte
[endre | endre wikiteksten]
TV
|
Film[2]
Anna |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Atle Antonsen» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Plystrekongen». Aftenposten. 23.10.2003.
- ↑ Atle Antonsen ved The Internet Movie Database (IMDb)