[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Atlanterhavsskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atlanterhavsskogen
Økoregion
Atlanterhavsskogen i Serra do Mar, sør i Brasil
Land  Brasil,  Argentina  Paraguay
Areal 1 315 460 km²
WWF si avgrensing av økoregionane i atlanterhavsskogen, den gule linja indikerer omtrent utbreiinga til skogen. (Satellittbilete frå NASA.) Det nøyaktige geografiske området til atlanterhavsskogen varierer avhengig av forfattar eller utgjevar.
WWF si avgrensing av økoregionane i atlanterhavsskogen, den gule linja indikerer omtrent utbreiinga til skogen. (Satellittbilete frå NASA.) Det nøyaktige geografiske området til atlanterhavsskogen varierer avhengig av forfattar eller utgjevar.
WWF si avgrensing av økoregionane i atlanterhavsskogen, den gule linja indikerer omtrent utbreiinga til skogen. (Satellittbilete frå NASA.) Det nøyaktige geografiske området til atlanterhavsskogen varierer avhengig av forfattar eller utgjevar.
Wikimedia Commons: Atlantic Forest

Atlanterhavsskogen (portugisisk Mata Atlântica) er ein neotropisk økoregion som strekkjer seg langs atlanterhavskysten av Brasil frå delstaten Rio Grande do Norte i nordaust til delstaten Rio Grande do Sul i sør og innover landet så langt som til Paraguay og Misiones-provinsen i Argentina, der regionen er kjend som Selva Misionera. Nær alt av det totale arealet ligg i Brasil, berre 6 % i austlege Paraguay og 2 % nordaustlege Argentina.[1]

Atlanterhavsskogen har økoregionar innanfor følgjande biomekategoriar: sesongmessige fuktige og tørre tropiske skogar av breiblada lauvskog, tropiske og subtropiske grassletter, savannar og buskar, og mangroveskogar. Høgdenivået spenner frå havnivå til 2700 moh. Atlanterhavsskogen er prega av eit høgt biologisk mangfald og endemisme.[2]

Det var det første miljøet som dei portugisiske kolonistane møtte for over 500 år sidan, då det var grunn til å tru å ha hatt eit område på 1,1 til 1,5 millionar km², og strekte seg ein ukjend avstand innover i landet. Mange plante- og dyreartar er trua av utrydding på grunn av at ca. 72 - 88 % av det opphavlege kjente området no er avskoga.[3][4]

Atlanterhavsskogen strekte seg ein gong i historisk tid over meir enn 1,1 millionar km². Etter over fem hundreår med utvidande europeiske busetjingar, står det att ca. 12 %[5] til 28 %[6] av areal med opphavleg vegetasjon.

Dei mest øydelagde områda er dominert av skogkonvertering til avlingsland, storfebeite og tømmerutvinning, med få representative, uforstyrra skoglokalitetar igjen i dag.

Den raskt veksande folkesetnaden etter 1600-talet, kombinert med utvikling av agrikultur for sukkerrøyr, kaffi og kakao i det koloniale og moderne Brasil, lét etter seg få intakte område, med følgje av tapt artsrikdom og biomasse. Det moderne atlanterhavsskogdomenet er bustader for ca. ein tredel av den noverande brasilianske folkesetnaden på mindre enn 17 % av det brasilianske territoriet, noko som tydeleg forverrar presset på økosystema. Dei siste to tiåra har vist ein beskjeden auke i skogdekke over atlanterhavsskogsområde, samanlikna med 1980-talet.[5]

Restinga i delstaten São Paulo
Atlanterhavsskog i Paraguay
Inne i atlanterhavsskog, ikkje-kjent lokasjon
Slange i delstaten Bahia

Regionen inkluderer fleire hovudtypar av skogar og anna vegetasjon:

  • Restinga er ein skogtype som veks på stabiliserte område nær kystlinja, avsett av vind, sjø og vegetasjon. Restingaskoger er generelt lukka kroneskogar med tretettleik. Open restinga er ein open, savanne-liknande formasjon med spreidde klumpar av små tre og buskar og eit omfattande lag med urter, gras og storr.[7]
  • Sesongbestemde tropiske fuktige skogar kan få meir enn 2000 mm regn i året. Desse inkluderer regnskog som låglandsskogar, halvmontane skogar og montane skogar.[7]
  • Tabuleiro-skogar finst over svært fuktig leirjord og Tabuleiro-savannar finst over raskare drenerande sandjord.[7] Dette er fuktige område som er avhengige av vassdamp frå havet.[2]
  • Lenger inn i landet ligg dei atlantiske tørre skogane, som dannar ein overgang mellom den tørre caatinga i nordaust og cerrado-savannane i aust. Desse skogane er lågare i vekst; meir open, med høg overflod av lauvtre og lågare mangfald samanlikna med tropiske fuktige skogar. Desse skogane har mellom 700–1600 mm nedbør årleg med ein tydeleg tørrsesong. Dette inkluderer lauvskog og sesongbasert halvlauvskog kvar med sine eigne låglands- og fjellområde.[7][2]
  • Montane skogar er våte skogar i høgare høgd over fjell og platå i det sørlege Brasil.
  • Mussununga-skogane finst i sørlege Bahia og nordlege Espírito Santo-statar. Mussununga-økosystemet spenner frå grassletter til skogområde på sandhaldig jord. Ordet Mussununga er Tupí-guaraní som betyr mjuk og våt kvit sand.[8]
  • Buskaktige montane savannar finst i dei høgaste høgdene.

Atlanterhavsskogen er uvanleg ved at han strekkjer seg som ein ekte tropisk regnskog til breiddegrader så langt sør som 28°S. Dette er fordi passatvindane produserer nedbør gjennom heile den sørlege vinteren.

Biologisk mangfald

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om berre ein mindre del av det opphavlege vegetasjonsdekket står att, held atlanterhavsskogen fram med å vere usedvanleg frodig i biologisk mangfald og endemiske artar, men mange er trua av utrydding.[9] Omtrent 40 prosent av karplantane og opptil 60 prosent av virveldyra er endemiske artar, noko som betyr at dei ikkje finst nokon annan stad i verda.[10] Den offisielle lista over trua artar i Brasil inneheld over 140 landslevande pattedyrartar funne i atlanterhavsskogen. I Paraguay er det 35 artar oppførte som trua, og 22 artar er oppførte som trua i den indre delen av atlanterhavsskogen i Argentina. Nesten 250 artar av amfibium, fuglar og pattedyr har vorte utrydda på grunn av menneskeleg aktivitet dei siste 400 åra. Over 11 000 artar av plantar og dyr blir i dag rekna som trua i atlanterhavsskogen.[2] Over 52 % av treslaga og 92 % av amfibia er endemiske i dette området. Skogen husar rundt 20 000 planteartar, med nesten 450 treartar som finst på berre eitt hektar nokon stader.[11]

Atlanterhavsskogen er eit av dei best studerte tropiske økosystema. Til dømes er det registrert over 3000 treartar, 98 flaggermusartar, 94 store eller mellomstore pattedyrartar, over 2000 epifyttartar, 26 primatartar, 528 amfibieartar, 124 små pattedyrartar og over 800 fugleartar.[12][13][9][14][15][16][17][18]

Nye artar blir stadig funne i atlanterhavsskogen. Faktisk vart over tusen nye blomstrande plantar oppdaga mellom 1990 og 2006.[treng kjelde] Ein liten populasjon av ein tamarinart i silkeapefamilien, Leontopithecus caissara, er endemisk for eit 358 km² stort område sør i Brasil, ved kysten av delstaten Paraná.[19] Ein ny og sterkt trua (EN) art av blond kapusinar Sapajus flavius, kalla opp etter sitt karakteristiske lysblonde hår, vart oppdaga i det nordaustlege Brasil ved Pernambuco Endemism Center på den nordlegaste stripa i økoregionen i 2006.[20] Ein trua art trefingerdovendyr, Bradypus torquatus, er endemisk for atlanterhavsskogen.[21] Likeins trefrosken Dendropsophus branneri.[22] Kolibrien svaledryade, Thalurania watertonii, er sterkt trua (EN) og lever i eit avgrensa område lengst nord i økoregionen.[23]

Menneskelig påverknad

[endre | endre wikiteksten]
Avskoging av atlanterhavsskogen i Rio de Janeiro
  • Landbruk: Ein stor del av menneskeleg arealbruk i den atlantiske regnskogen er til landbruk. Avlingar inkluderer sukkerrøyr, kaffi, te, tobakk og meir nyleg avlingar av soyabønner og biodrivstoff.[10]
  • Beite: Endå meir vanleg enn å bruke jord til jordbruk er omlegging av skog til storfebeite.[24] Dette blir vanlegvis gjort med ein metode for bråtebruk som aukar menneskeskapt påverknad.
  • Jakt: Artar i ein fragmentert skog er meir utsett for nedgang i bestandsstorleik fordi dei er i eit avgrensa område som er meir tilgjengeleg for jegerar. Større dyr utgjer den høgaste andelen biomasse. Desse dyra er også dei mest givande for jegerar og blir jaga tungt i tilgjengelege fragment. Dette resulterer i ei endring i artsinteraksjonar som frøspreiing og konkurranse om ressursar.
  • Hogst: Hogst fjernar 10 til 80 % av baldakindekselet til ein skog, noko som gjer habitatet meir utsett for naturlege element som vind og sollys. Dette fører til ein auke i skogoppvarming og uttørking.[25] Store mengder organisk avfall og rusk blir bygd opp som fører til auka sårbarheit for skogbrannar. I tillegg skaper hogstvegar tilgjenge for menneske; og aukar derfor mengda av menneskelege påverknader og reduserer mengda naturleg skog.[25]
  • Skogbrann: Menneskeleg aktivitet som hogst forårsakar ein auke i rusk langs skogbotnen som gjer atlanterhavsskogen meir utsett for brannar. Dette er ein skogtype som ikkje er vand til vanleg brannaktivitet, så menneskeskapte brannar påverkar skogunderlaget dramatisk fordi plantar ikkje har branntilpassingar. Som eit resultat blir skogen endå meir sårbar for sekundære brannar, som er langt meir øydeleggjande og drep mange fleire artar, inkludert store tre.[25]

Resultat av menneskeleg aktivitet

[endre | endre wikiteksten]

Habitatfragmentering fører til ein kaskade av endringar av det opphavlege skoglandskapet.[10] Til dømes har omfanget av menneskelege forstyrringar, inkludert øydelegging av habitat ført til ei utryddingskrise i atlanterhavsskogen.[26] Dei endemiske artane i denne regionen er spesielt sårbare for utrydding på grunn av fragmentering i særleg små geografiske område og med låge førekomstar.[27] I ein studie av fragmenta av atlanterhavsskogen vart biomassen på samfunnsnivå redusert til 60 % i tomter mindre enn 0,25 km².[28] Økologiske nøkkelprosessar som frøspreiing, genstraum, kolonisering og andre prosessar blir forstyrra av fragmentering.[28] Med mange viktige frøspreiarar for virveldyr som vil utryddast, er det venta at mange regionale, fruktberande treartar i den atlantiske skogen vil bli utrydda på grunn av svikt i rekruttering og rekolonisering av frøplantar.[24] Med alle desse artane allereie trua, er det føresagt framhaldande utrydding av artar i atlanterhavsskogen om dagens avskogingsrate held fram.[26]

Bevaringsarbeid av ikkje-statlege organisasjonar

[endre | endre wikiteksten]

På grunn av det enorme mangfald av endemiske plantar og dyr i atlanterhavsskogen, og dessutan fragmenteringa som påverkar desse artane, jobbar mange grupper og organisasjonar for å rette opp igjen dette særeige økosystemet. Ikkje-statlege organisasjonar (NGO) er store velgjørarar i Brasil, og gjev finansiering så vel som profesjonell hjelp til atlanterhavsskogen på grunn av den brasilianske miljørørsla. Eit døme er BirdLife International, gjennom forskingsarbeid bidreg dei til å bevare det biologiske mangfaldet av fuglar og lærer folk om berekraftig bruk av naturressursar.[29]

Nokre organisasjonar får tilskot frå Critical Ecosystem Partnership Fund viss dei følgjer reglane.[29] Desse inkluderer artsverneprogrammet, programmet for å støtte private naturarvreservat og det institusjonelle styrkeprogrammet.

Ein annan strategi som blir implementert for å halde oppe biologisk mangfald i atlanterhavsskogen, er å skape dyrelivskorridorar. Verdsbanken donerer 44 millionar dollar for å lage ein korridor, som vil bli kjent som Central Biodiversity Corridor, i atlanterhavsskogen og ein i Amazonas.[29] Den brasilianske utviklingsbanken har finansiert 16 til 18 økosystemrestaureringsprosjekt på til saman 35 km² under den såkalla Iniciativa BNDES Mata Atlântica.[treng kjelde] For å bevare mangfaldet har delstaten São Paulo oppretta Restinga de Bertioga State Park, ein 9300 km² stor park som også fungerer som ein dyrelivskorridor som knyter kystregionane til Serra do Mar-fjellkjeda.[30] Nokre organisasjonar, som Nature Conservancy, planlegg å restaurere delar av skogen som har gått tapt og å byggje korridorar som er kompatible med livsstilen til dei innfødde.[31] Amazon-instituttet er aktivt i gjenplantingsarbeid i den nordaustlege delstaten Pernambuco, Brasil. Treplanting er utført som ein del av bevaringsarbeidet.

Pact for Atlantic Forest Restoration har samla over 100 bedrifter, ikkje-statlege og statlege organisasjonar rundt målet om å ha 150 000 km² av det opphavlege økosystemet retta opp igjen innan 2050.[32]

Pontifícia Universidade Católica do Rio Grande do Sul held eit privat reservat av den fuktige skogøkoregionen Araucaria på omtrent 31 km² kalla Pró-Mata, nær byen São Francisco de Paula i delstaten Rio Grande do Sul. Dette reservatet blir brukt til forsking og vern av biologisk mangfald.

Referansar
  1. State of the Atlantic Forest: Three countries, 148 million people, one of the richest forests on Earth Fundación Vida Silvestre Argentina & WWF (2017). State of the Atlantic Forest: Three countries, 148 million people, one of the richest forests on Earth (PDF). Puerto Iguazú, Argentina.: Technical Report. s. 146. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Carlos Galindo-Leal; de Gusmco Cbmara Ibsen (2003). The Atlantic Forest of South America. Washington, DC: Island Press. s. 26. ISBN 1-55963-988-1. LCCN 2003001903. OL 17086131M. 
  3. «The Atlantic Forest». The Nature Conservancy. 
  4. «Atlantic Forests, South America». WWF. 
  5. 5,0 5,1 Bogoni JA, Pires JSR, Graipel ME, Peroni N, Peres CA (2018) Wish you were here: How defaunated is the Atlantic Forest biome of its medium- to large-bodied mammal fauna? PLoS ONE 13(9): e0204515. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0204515 (CC BY 4.0)
  6. Rezende, C.L.; Scarano, F.R.; Assad, E.D.; Joly, C.A.; Metzger, J.P.; Strassburg, B.B.N.; Tabarelli, M.; Fonseca, G.A.; Mittermeier, R.A. (October 2018). «From hotspot to hopespot: An opportunity for the Brazilian Atlantic Forest». Perspectives in Ecology and Conservation 16 (4): 208–214. ISSN 2530-0644. doi:10.1016/j.pecon.2018.10.002. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Marques, M.C.M. and Grelle, C.E.V. (2021). The Atlantic Forest: History, Biodiversity, Threats and Opportunities of the Mega-diverse Forest. Springer International Publishing. ISBN 9783030553227. 
  8. Heringer, Gustavo and Thiele, Jan and Meira-Neto, João Augusto Alves and Neri, Andreza Viana (2019). «Biological invasion threatens the sandy-savanna Mussununga ecosystem in the Brazilian Atlantic Forest». Biological Invasions (Springer url=https://link.springer.com/article/10.1007/s10530-019-01955-5) 21: 2045––2057. 
  9. 9,0 9,1 de Lima, Renato A. F.; Oliveira, Alexandre A.; Pitta, Gregory R.; de Gasper, André L.; Vibrans, Alexander C.; Chave, Jérôme; ter Steege, Hans; Prado, Paulo I. (11. desember 2020). «The erosion of biodiversity and biomass in the Atlantic Forest biodiversity hotspot». Nature Communications (på engelsk) 11 (1): 6347. Bibcode:2020NatCo..11.6347D. ISSN 2041-1723. PMC 7733445. PMID 33311511. doi:10.1038/s41467-020-20217-w. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Tabarelli, Marcelo and Aguiar, Antonio Venceslau and Ribeiro, Milton Cezar and Metzger, Jean Paul and Peres, Carlos A (2010). «Prospects for biodiversity conservation in the Atlantic Forest: lessons from aging human-modified landscapes». Biological Conservation (Elsevier) 143: 2328––2340. 
  11. World Wildlife Fund: Atlantic Forest. World Wildlife Fund. 29 November 2011.
  12. Bovendorp, Ricardo S.; Villar, Nacho; de Abreu-Junior, Edson F.; Bello, Carolina; Regolin, André L.; Percequillo, Alexandre R.; Galetti, Mauro (August 2017). «Atlantic small-mammal: a dataset of communities of rodents and marsupials of the Atlantic forests of South America». Ecology (på engelsk) 98 (8): 2226. PMID 28500789. doi:10.1002/ecy.1893. 
  13. Culot, Laurence; Pereira, Lucas Augusto; Agostini, Ilaria; Almeida, Marco Antônio Barreto; Alves, Rafael Souza Cruz; Aximoff, Izar; Bager, Alex; Baldovino, María Celia; Bella, Thiago Ribas; Bicca-Marques, Júlio César; Braga, Caryne (January 2019). «ATLANTIC - PRIMATES : a dataset of communities and occurrences of primates in the Atlantic Forests of South America». Ecology (på engelsk) 100 (1): e02525. ISSN 0012-9658. PMID 30317556. doi:10.1002/ecy.2525. 
  14. Hasui, Érica; Metzger, Jean Paul; Pimentel, Rafael G.; Silveira, Luís Fábio; Bovo, Alex A. d. A.; Martensen, Alexandre C.; Uezu, Alexandre; Regolin, André L.; Bispo de Oliveira, Arthur Â.; Gatto, Cassiano A. F. R.; Duca, Charles (February 2018). «ATLANTIC BIRDS: a data set of bird species from the Brazilian Atlantic Forest». Ecology (på engelsk) 99 (2): 497. PMID 29266462. doi:10.1002/ecy.2119. hdl:11449/179566. 
  15. Lima, Fernando; Beca, Gabrielle; Muylaert, Renata L.; Jenkins, Clinton N.; Perilli, Miriam L. L.; Paschoal, Ana Maria O.; Massara, Rodrigo L.; Paglia, Adriano P.; Chiarello, Adriano G.; Graipel, Maurício E.; Cherem, Jorge J. (November 2017). «ATLANTIC-CAMTRAPS: a dataset of medium and large terrestrial mammal communities in the Atlantic Forest of South America». Ecology (på engelsk) 98 (11): 2979. PMID 28857166. doi:10.1002/ecy.1998. 
  16. Ramos, Flavio Nunes; Mortara, Sara Ribeiro; Monalisa-Francisco, Nathalia; Elias, João Pedro Costa; Neto, Luiz Menini; Freitas, Leandro; Kersten, Rodrigo; Amorim, André Márcio; Matos, Fernando Bittencourt; Nunes-Freitas, André Felippe; Alcantara, Suzana (February 2019). «ATLANTIC EPIPHYTES : a data set of vascular and non-vascular epiphyte plants and lichens from the Atlantic Forest». Ecology (på engelsk) 100 (2): e02541. ISSN 0012-9658. PMID 30707454. doi:10.1002/ecy.2541. hdl:20.500.12008/30081. 
  17. Souza, Yuri; Gonçalves, Fernando; Lautenschlager, Laís; Akkawi, Paula; Mendes, Calebe; Carvalho, Mariana M.; Bovendorp, Ricardo S.; Fernandes-Ferreira, Hugo; Rosa, Clarissa; Graipel, Maurício Eduardo; Peroni, Nivaldo (October 2019). «ATLANTIC MAMMALS : a data set of assemblages of medium- and large-sized mammals of the Atlantic Forest of South America». Ecology (på engelsk) 100 (10): e02785. ISSN 0012-9658. PMID 31180132. doi:10.1002/ecy.2785. 
  18. Vancine, Maurício Humberto; Duarte, Kauã da Silva; de Souza, Yuri Silva; Giovanelli, João Gabriel Ribeiro; Martins-Sobrinho, Paulo Mateus; López, Ariel; Bovo, Rafael Parelli; Maffei, Fábio; Lion, Marília Bruzzi; Ribeiro Júnior, José Wagner; Brassaloti, Ricardo (July 2018). «ATLANTIC AMPHIBIANS: a data set of amphibian communities from the Atlantic Forests of South America». Ecology (på engelsk) 99 (7): 1692. PMID 29953585. doi:10.1002/ecy.2392. hdl:11449/176529. 
  19. Ludwig, G., Nascimento, A.T.A., Miranda, J.M.D., Martins, M., Jerusalinsky, L. & Mittermeier, R.A. (2021). «Leontopithecus caissara». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T11503A206547044. Henta 24. august 2023. 
  20. Valença-Montenegro, M.M., Bezerra, B.M., Martins, A.B., Jerusalinsky, L., Fialho, M.S. & Lynch Alfaro, J.W (2021). «Sapajus flavius». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T136253A192592928. Henta 24. august 2023. 
  21. Chiarello, A., Santos, P., Moraes-Barros, N. & Miranda, F. (2022). «Bradypus torquatus». IUCN Red List of Threatened Species 2022: e.T3036A210442361. Henta 24. august 2023. 
  22. Carlos Alberto Gonçalves da Cruz, Sergio Potsch de Carvalho-e-Silva, Gilda Andrade. (2004). «Dendropsophus branneri». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T55420A11306454. Henta 24. august 2023. 
  23. BirdLife International (2023) Species factsheet: Thalurania watertonii. Henta 24. august 2023
  24. 24,0 24,1 IIzquierdo, Andrea E.; Carlos D. De Angelo; T. Mitchell Aide (2008). «Thirty Years of Human Demography and Land-Use Change in the Atlantic Forest of Misiones, Argentina: an Evaluation of the Forest Transition Model». Ecology and Society 13 (2): 3. (online). doi:10.5751/ES-02377-130203. 
  25. 25,0 25,1 25,2 Laurance, William F., and Diana C. Useche. Environmental Synergisms and Extinctions of Tropical Species. Conservation Biology 23.6 (2009): 1427-437.
  26. 26,0 26,1 Brooks, Thomas M and Mittermeier, Russell A and Mittermeier, Cristina G and Da Fonseca, Gustavo AB and Rylands, Anthony B and Konstant, William R and Flick, Penny and Pilgrim, John and Oldfield, Sara and Magin, Georgina; et al. (2002). «Habitat loss and extinction in the hotspots of biodiversity» (PDF). Conservation biology (Wiley Online Library) 16: 909––923. 
  27. Patterson, BD and Atmar, W (2000). «Analyzing species composition in fragments». Isolated vertebrate communities in the tropics (Citeseer) 46: 9––24. 
  28. 28,0 28,1 Pütz, S and Groeneveld, J and Alves, LF and Metzger, Jean Paul and Huth, A (2011). «Fragmentation drives tropical forest fragments to early successional states: a modelling study for Brazilian Atlantic forests». Ecological Modelling (Elsevier url=https://www.sciencedirect.com/science/article/abs/pii/S030438001100175X) 222: 1986––1997. 
  29. 29,0 29,1 29,2 Biodiversity Hotspots - Atlantic Forest - Conservation Action Arkivert March 23, 2012, ved Wayback Machine.. Biodiversity Hotspots - Home. 03 Oct. 2011.
  30. São Paulo Expands Atlantic Forest Protection Coverage. WWF Brasil. 03 Oct. 2011.
  31. About the Atlantic Forest in Brazil. Nature Conservancy | Protecting Nature, Preserving Life. 03 Oct. 2011.
  32. Pact for Atlantic Forest Restoration

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Atlanterhavsskogen