Ascraeus Mons
Utsjånad
Ascraeus Mons | |||
Mars Global Surveyor-bilete av kalderaen til Ascraeus Mons. Bilete: NASA/JPL/Malin Space Science Systems | |||
Koordinatar | 11,3° N, 104,5°V | ||
---|---|---|---|
Høgd | 18 km | ||
Eponym | Latinsk - Ascraeus Lacus - klassisk namn på albedoformasjonar. |
Ascraeus Mons er den nordlegaste av tre vulkanar kjende som Tharsis Montes på Tharsis-platået nær ekvatoren til Mars. Sør for vulkanen ligg Pavonis Mons og den sørlegaste vulkanen i vulkankjeda, Arsia Mons. Den høgaste vulkanen i solsystemet, Olympus Mons, ligg nordvest for Ascraeus Mons.
Ascraeus Mons vert rekna for å vera ein av dei høgaste vulkanane på Mars. Toppen rekk omtrent 18 km over nullhøgdnivå på Mars og opplever eit atmosfæretrykk på mindre enn 0,8 mbar (80 Pa). Vulkanen er 460 kilometer i diameter.[1]