Ariel Sharon
Utsjånad
Ariel Sharon | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1928 Kfar Malal | ||
---|---|---|---|
Død | 11. januar 2014 (85 år) | ||
Statsborgar av | Palestinamandatet, Israel | ||
Parti | Likud (1977; 2005), Kadima (2005) | ||
Yrke | offiser, politikar | ||
Utdanna ved | Det hebraiske universitetet i Jerusalem Universitetet i Tel Aviv | ||
Ektefelle | Margalit Sharon, Lily Sharon | ||
Barn | Omri Sharon, Gilad Sharon | ||
Medlem | HaNoar HaOved VeHaLomed Gadna | ||
Verv | Statsminister i Israel 2001-2006 | ||
Føregangar | Ehud Barak | ||
Etterfylgjar | Ehud Olmert | ||
Verv | Partileiar i Likud | ||
Føregangar | Benjamin Netanyahu | ||
Etterfylgjar | Benjamin Netanyahu | ||
Verv | Partileiar i Kadima 2005-2006 | ||
Etterfylgjar | Ehud Olmert | ||
Alle verv |
|
Ariel Sharon (27. februar 1928–11. januar 2014) (hebraisk אריאל שרון, alternative transkripsjonar Scharon og Sjaron), var ein israelsk general og politikar. Han vart fødd som Ariel Scheinermann i Kfar Malal, som son av ein polsk-tysk far og ei russisk mor, Frå 2001 var han statsminister i Israel, og etterfylgde då Ehud Barak. Sharon representerte fram til november 2005 høgrepartiet Likud, då han braut ut og stifta partiet Kadima.
Den 4. januar 2006 vart Sharon utsett for eit hjerneslag. Ehud Olmert vart då fungerande statsminister. Den 11. april same året vart Sharon erklært permanent ufør, og Olmert tok formelt over som statsminister. Ariel Sharon døydde 11. januar 2014 etter å ha lege i koma i over åtte år.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ariel Sharon
- «Erklærer Sharon permanent ufør» på Dagbladet.no
Denne historieartikkelen som har med Israel å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.