Arena Larvik
Utsjånad
59°3′0.68400″N 10°3′10.818″E / 59.0501900000°N 10.05300500°E Arena Larvik er ein idrettshall i Larvik. Han opna 8. september 2009 og er bygd i samarbeid mellom Larvik kommune og Vestfold fylkeskommune i samband med Thor Heyerdahl videregående skole. Arena Larvik er den nye heimearenaen til Larvik Håndballklubb frå sesongen 2009-10. I 2010 vart det spelt innleiande rundar i handball-EM for damer i Arena Larvik.
28. januar 2012 var Arena Larvik arena for den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2012.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arena Larvik» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2012.