Antsiranana
Antsiranana | |||
by | |||
Land | Madagaskar | ||
---|---|---|---|
Region | Diana | ||
Folketal | 115 015 (2013) | ||
Antsiranana 12°19′21″S 49°17′42″E / 12.322444444444°S 49.295°E | |||
Antsiranana på Madagaskar
| |||
Wikimedia Commons: Antsiranana |
Antsiranana (kjend som Diégo-Suarez fram til 1975) er ein by heilt i nord på Madagaskar. Han ligg ved Antsiranana-bukta, ein av dei største djupvasshamnene i Indiahavet. Antsiranana er regionshovudstad for Diana-regionen. Han hadde eit berekna folketal på 115 015 i 2013.[1]
Bukta og byen hadde tidlegare namnet Diego Suarez etter Diogo Soares, ein portugisisk sjøfarar som kom hit i 1543.[2]
I 1880-åra ønskte Frankrike å overta området som ein kolstasjon for dampskip. Etter den første fransk-gassiske krigen, den 17. desember 1885, skreiv dronning Ranavalona III under på ein avtale som gav Frankrike protektorat over bukta, området rundt og øyane Nosy-Be og Ste. Marie de Madagascar.
Kolonien blei teken inn i den franske kolonien Madagaskar i 1896. Etter at Madagaskar fekk sjølvstende i 1960 fortsette Frankrike å bruka byen som militærbase fram til den sosialistiske revolusjonen i landet i 1973.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2016.
- ↑ Institut National de la Statistique, Antananarivo.
- ↑ Pierre Van Den Boogaerde, Shipwrecks of Madagascar, p.40