[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ansfelden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nettingsdorfer Papierfabrik er eit sentralt innslag i bybiletet i Ansfelden

Ansfelden er ein by og ein kommune i distriktet Linz-Land i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 31,3 km² og i kring 16 200 ibuarar. Byen ligg 289 meter over havet, og er mellom anna kjend som fødestaden til toneskaparen Anton Bruckner og stor produsent av papir og cellulose sidan midten av det 19. hundreåret.