[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Anneli Ott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anneli Ott

Fødd2. mai 1976 (48 år)
Tartu
Statsborgar avEstland
PartiEesti Keskerakond (2011)
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Tartu
Alle verv
  • medlem av det estiske Riigikogu (2015–)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2019–2020)
  • Estlands minister for offentlig forvaltning (2020–2021)
  • Estlands kulturminister (2021–2021)
  • borgermester i Võru (2009–2010)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2021–) Sjå dette på Wikidata

Anneli Ott (fødd 2. mai 1976 i Tartu i Estland) er ein estisk politikar som representerer Det estiske senterpartiet.

Ott har vore kommunepolitikar i heimbyen Võru, der ho har vore både borgarmeister/ordførar og byrådsleiar, fyrst som sosialdemokrat. Ho melde seg inn i Det estiske senterpartiet i 2011.[1][2]

I 2015 vart Ott vald inn i den estiske riksdagen. I november 2020 vart ho minister for offentleg forvalting ved ein rokade i den andre regjeringa til Jüri Ratas. Regjeringa gjekk av i januar 2021. Deretter vart Ott utnemnd til kulturminister i regjeringa til Kaja Kallas.[1][2] Ott vart kritisert for ikkje å ha vaksinert seg mot koronaviruset, noko som gjekk ut over hennar embetsførsel som kulturminister. Ott meinte at smittevernsstrategien til regjeringa under koronapandemien var unødig inngripande og gjekk av som kulturminister i november 2021, etter å ha teke sin fyrste vaksinedose.[3][4]

Ott er utdanna grunnskulelærar med idrettsfag som hovudfag.[1][2]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Anneli Ott | Eesti Vabariigi Valitsus». www.valitsus.ee. 26. januar 2021. Henta 28. februar 2021. «Anneli Ott is the Minister of Culture of the Republic of Estonia from 26 January 2021. She is a member of the Estonian Centre Party.» 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Minister of Culture Anneli Ott». Ministry of Culture (på engelsk). 26. januar 2021. Henta 28. februar 2021. [daud lenkje]
  3. Tammik, Ott (2. november 2021). «Estonian Minister Quits Over Criticism of Unvaccinated Status» (på engelsk). Bloomberg. Henta 10. april 2022. 
  4. «Anneli Ott resigns as culture minister» (på engelsk). ERR. 2. november 2021. Henta 10. april 2022. 
Commons har multimedium som gjeld: Anneli Ott