Angoulême
Angoulême | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Charente |
Geografi | |
Flatevidd | 21,85 km² |
Flatevidd - By |
21,85 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
43 171 1 976/km² |
Koordinatar | 45°39′00″N 00°09′37″E / 45.65000°N 0.16028°E |
Høgd over havet | 100 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.angouleme.fr |
Angoulême er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Charente.
Geograpfi
[endre | endre wikiteksten]Angoulême ligg 134 km nordaust for Bordeaux langs jernbanen mellom Bordeaux og Poitier.
Sjølve byen ligg på ei høgd, med elva Charente nord for seg, og elva Anguienne i sør og vest. Dei viktigare forstadane ligg mot aust.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Angoulême (Iculisma eller Ecolisna, seinare Angoulesme) vart erobra av Clovis frå vestgotarane i 507, og plyndra av normannarane på 800-talet.
I 1360 vart han gjeve til engelskmenna etter Freden i Brétigny, men dei vart drive bort i 1373 av troppane til Karl V, som gav byen mange privilegium. Byen leid stort under hugenottkrigen, særleg i 1568 då han vart erobra av protestantar under Gaspard de Coligny.
Grevskapet Angoulême går tilbake til 800-talet, og den viktigaste av dei tidlege grevane var William Taillefer. Etterkomarane hans hadde denne tittelen til slutten av 1100-talet. Tittelen vart teke frå dei av Rikard Løvehjarta, og gjekk vidare til Kong Johan av England då han gifta seg med Isabel, dottera til grev Adhémar. I 1220 gifta ho seg med Hugo X, som gav det til Lusignan-familien, grevar av Marche. Då Hugo XIII døydde i 1302 gjekk eigedomane hans til krona. I 1394 gjekk grevskapet over til huset Orleans. Eit medlem av huset, Frans I vart konge av Frankrike i 1515, og heva graden til hertugdøme for mora Louise av Savoy. Hertugdømet, som høyrte til krona, vart så halde av Karl av Valois, son av Karl IX. Den siste hertugen var Louis-Antoine, den eldste sonen til Karl X, som døydde i 1844.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Reiseguide for Angoulême
- Bilete av domkyrkja Arkivert 2006-04-21 ved Wayback Machine.