Andrej Lavrov
Utsjånad
Andrej Lavrov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 26. mars 1962 (62 år) Krasnodar |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Æresordenen, Ærestegnets orden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Venskapsordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Andrej Ivanovitsj Lavrov (fødd 26. mars 1962) er ein sovjet-russisk tidlegare handballspelar, målvakt, frå Krasnodar. Han er den einaste som har vunne tre olympiske gullmedaljar i handball.
Lavrov vann OL-gull for Sovjetunionen i 1988 og 1992, i tillegg vann han for Russland i 2000. I 1993 og 1997 vart han verdsmeister for Russland og i 1996 europameister. Åra 1998-2004 var han elles med på å vinne to VM-sølv, to EM-sølv og ei OL-bronse.
Lavrov spelte på SKIF Krasnodar frå 1978 til 1992. Her var han med å sikre laget sigeren i IHF-cupen 1990. Frå 1992 gjorde han fram til 2005 teneste for klubbar i Tyskland, Frankrike og Kroatia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andrei Iwanowitsch Lawrow» frå Wikipedia på tysk, den 21. november 2022.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1962
- Sovjetiske handballspelarar
- Russiske handballspelarar
- Verdsmeistrar i handball
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske meistrar for SUS
- Olympiske meistrar for Russland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Handballspelarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992
- Handballspelarar under sommar-OL 1992
- Russiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Handballspelarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Handballspelarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Handballspelarar under sommar-OL 2004