Amalgam
Utsjånad
Amalgam er ei legering som består av 50% kvikksølv, samt sølv, tinn, kopar og sink. Dagens amalgam har vore brukt i tannfyllingar sidan 1895.
Ettersom amalgam inneheld mykje kvikksølv, er det etter kvart mange som meiner at desse tannplombene kan ha negativ verknad på helsa.
Når tannlegane skal fjerna amalgam frå tennene, må dette handterast som spesialavfall.
Alternativ til amalgam er plomber av plast, porselen eller gull. I Russland er det vanleg å bruke gullplomber.