Alster
Utsjånad
Alster | |||
elv | |||
Alster i Hamburg
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 53 km | ||
Kjelde | Nær Henstedt-Ulzburg | ||
Munning | Elbe | ||
Alster 53°45′49″N 10°00′17″E / 53.7636°N 10.0048°E | |||
Wikimedia Commons: Alster (River) |
Alster er ei elv i Schleswig-Holstein i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå høgre med ei lengd på 53 km. Ho har sitt utspring nær Henstedt-Ulzburg i landsbyen Kisdorferwohld, om lag 25 km nord for Hamburg. Alster renn sørover og munnar ut i Elbe i Hamburg, som vart grunnlagd ved breidda av elva. I sentrum av Hamburg har Alster vore demma opp sidan 1190, opphavleg i samband med ei vasskvern. I 1235 vart det bygd endå ei demning for ei anna vasskvern, som endra elva til ein innsjø. Alster dannar to kunstige innsjøar innanfor bygrensene til Hamburg kalla Außenalster (Ytre Alster) og den mindre Binnenalster (Indre Alster). I dag er desse innsjøane og dei omliggande parkane viktige rekreasjonsområde i hjartet av byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alster» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biletgalleri
- Kart over Alster Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.