Albert Lee
Albert Lee | |||
Lee i Los Angeles den 3. juli 2019 | |||
Fødd | 21. desember 1943 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lingen i Herefordshire i England | ||
Fødenamn | Albert Lee | ||
Alias | Mr. Telecaster | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1959 | ||
Sjanger | Americana Countryrock Rockabilly Rock and roll R&B | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano, mandolin | ||
Tilknytte artistar | Heads Hands & Feet, Emmylou Harris, Patty Loveless, Eric Clapton, Rodney Crowell, Ricky Skaggs, Bill Wyman's Rhythm Kings, The Everly Brothers, Carlene Carter | ||
Plateselskap | A&M, Diamond Records, MCA, Heroic Records, Castle, Magnum, Polydor, Sugar Hill | ||
Verka som |
|
Albert William Lee (fødd 21. desember 1943) er ein engelsk gitarist kjend for gitarteknikken sin som omfattar fingerstil og hybridplukking. Lee har arbeidd både i studio og på turné med mange kjende musikarar frå ei rekkje sjangrar. Han har òg hatt ein solokarriere og er ein kjend komponist og musikalsk leiar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Lee fekk først kommersiell suksess som sologitarist med Chris Farlowe and the Thunderbirds, der han slutta i 1968, før han spelte med Heads Hands & Feet og vart kjend som ein «gitarhelt» som spelte Fender Telecaster i forrykande tempo.[1]
Lee spelte med Jon Lord på studioinnspelinga av Gemini Suite, og så Deep Purple's Concerto for Group and Orchestra. Ritchie Blackmore hadde spelt gitar på den første konsertframføringa av Gemini Suite i september 1970, men nekta å delta på studioinnspelinga.
Lee flytta til Los Angeles i 1974 og spelte på tre album med The Crickets. I 1976 vart han med i bandet til Emmylou Harris, Hot Band, der han erstatta ein av heltane sine, James Burton. Frå og med 1978 spelte Lee i fem år med Eric Clapton.
Lee var ansvarleg for sameiningskonserten til The Everly Brothers i 1983 og var musikalsk leiar.[2] Han har spelt fast med The Everly Brothers i over tjue år.
I 1987 skipa Lee sitt eige band, Albert Lee & Hogan’s Heroes i lag med Gery Hogan, og dei har spelt i lag fast fram til 2015.
I 2002 spelte Lee på Concert for George, ein minnekonsert for George Harrison. I 2002 fekk Lee Grammyprisen for beste countryinstrumental for «Foggy Mountain Breakdown» på albumet Earl Scruggs and Friends.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Selskap | Nummer | Merknad |
1979 | Hiding | A&M | SP 4750 | |
1982 | Albert Lee | Polydor | 2383 640 | |
1986 | Speechless | MCA | MCA-5693 | |
1987 | Gagged but Not Bound | MCA Master Series | MCA-42063 | |
1991 | Black Claw/Country Fever | Line | LICD 9.01057 O | |
1994 | In Full Flight! Live at Montreaux | Round Tower | RTMCD 60 | med Hogan's Heroes |
2002 | Tear It Up | Heroic | HEROIC0001 | med Hogan's Heroes |
2003 | Heartbreak Hill | Sugar Hill | SUG-CD-3977 | |
2003 | That's All Right Mama: The Country Fever & Black Claw Sessions | Castle | 800 | |
2006 | Road Runner | Sugar Hill | SUG-CD-4011 | |
2006 | In Between The Cracks | Heroic | HEROIC0004 | med Hogan's Heroes |
2007 | Live At The New Morning | Heroic | HEROIC0005 | med Hogan's Heroes |
2008 | Like This | Heroic | HEROIC0006 | med Hogan's Heroes |
2014 | Highwayman | Palm Bridge | 0013964743173 | |
2019 | Gypsy Man - A Tribute To Buddy Holly | Mann Brothers |
Som gjesteartist
[endre | endre wikiteksten]- Poet and the One Man Band – Poet and the One Man Band LP (1969)
- Heads Hands & Feet – Heads, Hands & Feet LP (1971)
- Heads Hands & Feet – Tracks LP (1972)
- Heads Hands & Feet – Let's Get This Show on the Road!
- Heads Hands & Feet – Jack Daniels Rare Old No.7
- Heads Hands & Feet – Old Soldiers Never Die LP (1973)
- Heads Hands & Feet – Home From Home – The Missing Album LP (1995)
- Bo Diddley – The London Bo Diddley Sessions
- Jerry Lee Lewis – The London Sessions
- Eddie Harris – E.H. in the U.K. (Atlantic, 1973)
- Herbie Mann - London Underground (Atlantic, 1973), Reggae (Atlantic, 1973), Reggae II (Atlantic, 1973 [1976])
- Emmylou Harris – Luxury Liner, The Ballad of Sally Rose, Blue Kentucky Girl, Roses in the Snow, Evangeline (gitar, mandolin)
- Eric Clapton – Just One Night, Another Ticket, Money and Cigarettes
- John Prine – The Missing Years (gitar, mandolin, piano)
- Rosanne Cash – Seven Year Ache
- Jon Lord – Gemini Suite
- Earl Scruggs – Earl Scruggs and Friends
- Ricky Skaggs - Don't Cheat In Our Hometown
- Paul Kennerley – The Legend of Jesse James (gitar, vokal, mandolin)
- The Crickets – Long Way From Lubbock, The Crickets and Their Buddies
- Joe Cocker – Sting Ray
- Nicolette Larson – The Very Best of Nicolette Larson
- Rodney Crowell – The Essential Rodney Crowell
- Dolly Parton – White Limozeen
- The Return Of Spinal Tap – DVD (som seg sjølv, speler på «Break Like The Wind»)
- John 5 – Death Valley
- Carlene Carter – I Fell in Love
- Foster and Lloyd – Version of the Truth
- Nanci Griffith – I Knew Love
- Hugh Moffatt – Dance Me Outside
- Shakin Stevens – Hot Dog
- Everly Brothers – Reunion Concert LP (gitar, piano, musikalsk leiar) (1983)
- Everly Brothers – EB '84 LP (gitar) (1984)
- Everly Brothers – Born Yesterday LP (gitar) (1986)
- Everly Brothers – Some Hearts LP (gitar) (1988)
- Don Everly – Sunset Towers
- The Refreshments – Chuck Berry-songen «Let It Rock»
- Dave Edmunds – «Sweet Little Lisa»
- Marcel Dadi – Nashville Rendez-vous
- Bert Jansch – Heartbreak
- Jerry Scheff – Fire Down Below
- Brad Paisley – Play
- Jackson Browne – Under the Falling Sky
- Jean-Pierre Danel – «Tulsa Time»
- Arlen Roth -Toolin' Around (1993), Telemasters (2019)
- Maestro Alex Gregory - Bach on Steroids (2009)
- Maestro Alex Gregory - Another Millennium (2010)
- Steve Morse -The Introduction (Sologuitar in «General Lee»)
- The Geoff Everett Band – The Quick and the Dead (2012)
- Maestro Alex Gregory - Holy Grail of 7 Strings (2013)
- Various Artists - Guitar Heroes: Making History (2015) med James Burton, Amos Garrett, Albert Lee & David Wilcox
- Jericho Summer - Night Train' (2015) med Richard Fortus, Marco Mendoza
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Albert Lee» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Guinness Who's Who of Country Music. Guinness Publishing. ISBN 0-85112-726-6
- Watts, Derek, (2008). Country Boy: A Biography of Albert Lee. Jefferson, N.C.: McFarland & Co., ISBN 978-0-7864-3658-3
- ↑ Larkin, Colin. The Guinness Who's Who of Country Music: Albert Lee entry, Guinness Publishing, 1993. ISBN 0-85112-726-6
- ↑ «Albert Lee – Biography». Homepage.eircom.net. 21. desember 1943. Arkivert frå originalen 26. januar 2011. Henta 30. juni 2014.