Al Capone
Al Capone | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 17. januar 1899 Brooklyn |
Død |
25. januar 1947 (48 år) |
Yrke | gangster |
Språk | angloamerikansk, italiensk |
Høgd | 1,79 meter |
Religion | katolisisme |
Far | Gabriele Capone |
Ektefelle | Mae Coughlin |
Al Capone på Commons |
Alphonse Gabriel Capone (17. januar 1899–25. januar 1947), best kjend som Al «Scarface» Capone, var ein vidgjeten amerikansk gangster i 1920- og 1930-åra.
Al Capone vart fødd og oppvoksen i Brooklyn i New York. Foreldra hans var italienske immigrantar. Her var han involvert i mindre, kriminelle aktivitetar og fekk det barberbladsåret som seinare gav han kallenamnet «Scarface». På veg opp karrierestigen i den kriminelle underverda flytta han til Chicago.
Capone bygde opp «verksemda» si fram til han vart dømd for skattesvindel og fengsla i Alcatraz, òg kalla «The Rock», der han sat i 11 år.
Capone har vorte portrettert på film av ei lang rekke skodespelarar, mellom andre Wallace Beery, Paul Muni, Barry Sullivan, Rod Steiger, Neville Brand, Jason Robards, Ben Gazzara og Robert De Niro.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |