Al Bell
Al Bell | |||
Fødd | 15. mars 1940 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brinkley | ||
Fødenamn | Alvertis Isbell | ||
Opphav | Brinkley i Arkansas i USA | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Soul, gospel | ||
Tilknytte artistar | The Staple Singers, Isaac Hayes, Tag Team | ||
Plateselskap | Stax, Motown, Bellmark | ||
Verka som | plateprodusent, låtskrivar, plateselskapdirektør, DJ | ||
Prisar | Grammy Trustees Award, Arkansas Black Hall of Fame |
Al Bell (fødd 15. mars 1940 som Alvertis Isbell) er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar og plateselskapdirektør. Han er mest kjend for å ha vore direktør og medeigar i Stax Records, som heldt til i Memphis i Tennessee, den siste halvdelen av dei 19 åra selskapet eksisterte.
Bell sitt tidlegare yrke var som platepratar i heimbyen Little Rock i Arkansas.[1] Som produsent var han særs viktig for karrierane til soulstjernene til Stax, som Staple Singers og Isaac Hayes, The Emotions, The Dramatics og Mel and Tim. Bell var god på marknadsføring og dreiv «Memphis-stilen» ut internasjonalt, medan Stax vart til det nest største afroamerikanske selskapet i 1970-åra.[2] I 2009 omtalte BBC Bell som «eit av soul-ikona» og «den drivande krafta bak Stax Records».[3]
Etter karrieren sin i Stax, vart Bell direktør i Motown Records Group under omstruktureringa til MCA og Boston Ventures Group.[2] Han starta sidan sitt eige selskap, Bellmark, som mellom anna gav ut Tag Team-singelen «Whoomp! (There It Is)» (1993).[4] I dag arbeider Bell i det sjølvstendige musikkmiljøet i Memphis og driv ei musikkside på nettet og eit radioshow på AlBellPresents.com.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al Bell» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bowman, Rob (1997). Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records. New York: Schirmer Trade. ISBN 0-8256-7284-8
- ↑ 2,0 2,1 Gordon, Robert and Neville, Morgan. (2007). Respect Yourself: The Stax Records Story. [Documentary film]. New York: Concord Music Group.
- ↑ Maher, Michael (23 September 2009). «Soul icon: Al Bell». BBC World News: America (BBC). Henta 18 May 2010.
- ↑ Sontag, Deborah (14. august 2009). «Out of Exile, Back in Soulsville». New York Times. Henta 18 May 2010.
- ↑ «Soul, R & B, Blues, Gospel Online Radio Station and Store». Al Bell Presents. 16. april 2013. Arkivert frå originalen 14. mai 2013. Henta 15. august 2016.