Åte
Utsjånad
Agn, lokkemat, åt eller åte er noko ein bruker for å lokka eit bytte i jakt, fangst eller fiske.
Jakt og fiske
[endre | endre wikiteksten]Åte kan nyttast til å jakte på rovdyr. Ved å leggje ut åte eller lokkemat, som til dømes kan vere eit åtsel eller eit stoff med liknande lukt, kan ein trekkje rovdyr til åtet, medan jegeren ligg i skjul til dyret er på skothald. Åte kan òg nyttast til å lure dyr inn i ei felle, som til dømes ei musefelle.
Agn viser til åte som ein nyttar som lokkemat for fisk. Fiskaren kan då setje agnet på ein ongul for å få fisken til å bite over kroken.
Andre tydingar
[endre | endre wikiteksten]- Åte er eit fellesnamn på dyreplankton eller fiskeyngel i havet. Dette er viktig næring for fisk og kval.
- Åte kan òg tyde ein stim av fisk, som ei åte med sild.
- Å strø åte vil seie å strø jord eller grus på snøen om våren for at han skal smelte raskare. Dette vert òg kalla aure, mele, volde eller mylde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «åte» i Nynorskordboka.
- «Åte» i Caplex.
- Norsk historisk leksikon 2. utgåve, 3. opplag (2004)