[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Åarjelhsaemien Teatere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åarjelhsaemien Teatere
Org.formAksjeselskap
Org.nr.999203698[1]
Skipa1985
LandNoreg
Nettstadhttp://www.asteatere.no/

Åarjelhsaemien Teatere AS, tidlegare Åarjelhsaemien Teatere (sørsamisk for 'sørsamisk teater'), er eit teater i Mo i RanaHelgeland i Nordland. Teateret deler lokale med Nordland Teater i Rådhusalleen 6 i Mo i Rana sentrum. Det blei skipa 1. januar 1985 av sørsamar frå Noreg og Sverige som ei amatørteatergruppe med eit sete i Mo i Rana og eit anna i Tärnaby i Storuman kommune i Västerbottens län.[2] I 2008 blei det delt inn i ein norsk og ein svensk del.[2] 9. september 2012 blei den norske delen omdanna til eit AS med Sametinget, Nordland fylkeskommune og Rana kommune som eigarar.[3]

Teateret har som mål å synleggjera sørsamisk kultur og språk gjennom musikk og teaterkunst. Forsøk på å revitalisere det sørsamiske språket står sentralt i førestillingar for barn og unge.[4] I førestillinga Der Stjernan Bor (2010) fekk barn og unge delta i framføring av sørsamisk språk, tekstframføring, skodespelarteknikk og dans.[4] Familieførestillinga GON, som hadde premiere i mars 2009 i Tärnaby, og som blei vist under Vinterlysfestivalen i Mo i Rana i 2010, var berre på sørsamisk.[4] Det same gjaldt barneførestillinga Saajve Sijte.[4]

Teateret har produsert ein monolog om Elsa Laula Renberg, en «joikikal» om barnebokfiguren Plopp i 2016[5] og bidratt til førestillinga Tjidtjie - mamma i 2017.[6]

Teatersjef per 2022 er Kristin Solberg.[7]

  1. https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=999203698.
  2. 2,0 2,1 Marit Ulriksen: Vil ikke eie sydsamisk teater, Rana Blad, 7. mars 2012
  3. Sydsamisk teater har blitt AS Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., Scenekunst i Nordland, 9. september 2012
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 ÅARJELHSAEMIEN TEATERE – NORGE. ÅRSMELDING 2010 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. desember 2013, henta 24. april 2022 
  5. Plupp - teaser[daud lenkje]; asteatere.no
  6. Tjidtjie- Mamma har premiere under Olavfestdagene[daud lenkje]; asteatere.no
  7. «Gaskesadth», Åarjelhsaemien Teatere (på norsk bokmål), henta 24. april 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Åarjelhsaemien Teatere