Ávdira
Ávdira Lokalt namn Άβδηρα | |
---|---|
Ruiner i Ávdira | |
Geografi | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | 40°57′N 24°59′E / 40.950°N 24.983°E |
Areal | 314,8 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Xánthi |
Hovudsete | Jeniséa (1 454 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 17 610 (2021[1]) |
Folketettleik | 55,9 /km² |
Ávdira (gresk Άβδηρα), tidlegare òg Abdera, er ein landsby og ein kommune i periferieininga Xánthi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas, 17 km nordaust for munningen av Nestos (Mesta).
Kommunen har namn etter den tidlegare gresk byen Ávdira (Abdera) på kysten av Thráki. Innbyggjarane her var rekna for å vera einfaldige, sjølv om tenkjarar som Demokrit og Protagoras kom derifrå. Byen skal ha vore bygd av Herakles til minne om kjærasten hans, Abderus. Ávdira var i byrjinga ein fri by, men vart seinare underlagd Makedonia og etterkvart Romarriket.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Frå 2011 omfattar kommunen òg dei tidlegare kommunane Vistonída og Sélero. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 17 610 innbyggjarar, medan kommunaleininga Ávdira hadde 2 799 og tettstaden med same namn 923 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Sélero | Sélero | 2 059 | 1 954 |
Jeniséa | Vistonída | 1 473 | 1 454 |
Petinós | Vistonída | 1 118 | 1 127 |
Soúnio | Vistonída | 1 018 | 924 |
Ávdira | Ávdira | 1 090 | 923 |
Fília | Sélero | 861 | 870 |
Levkópetra | Sélero | 700 | 829 |
Diomídia | Vistonída | 739 | 804 |
Símandra | Sélero | 809 | 752 |
Felóni | Vistonída | 609 | 677 |
Paleós Zygós | Vistonída | 665 | 629 |
Paleo Katrámi | Vistonída | 631 | 603 |
Baféika | Vistonída | 712 | 595 |
Mándra | Ávdira | 506 | 498 |
Majikó | Vistonída | 611 | 493 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abdera» frå Wikipedia på svensk, den 21. januar 2008.
- caplex.no