[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Tarantobukta

Koordinatar: 39°53′N 17°17′E / 39.883°N 17.283°E / 39.883; 17.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 19:39 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Tarantobukta

Tarantobukta (italiensk: Golfo di Taranto, latin: Sinus Tarentinus) er ei bukt i Det joniske havet sør i Italia.

Tarantobukta er nesten firkanta og er 140 km i begge retningar. Ho grensar til nesa Santa Maria di Leuca i aust og Colonna i vest. Ho er omgjeve av tre italienske regionar, Apulia, Basilicata og Calabria. Dei viktigaste elvane som munnar ut i bukta er Basento, Sinni og Agri.

Dei største byane langs kysten er Taranto og Gallipoli. Dei greske koloniane (Magna Graecia) Crotone, Heraklea, Thurii og Sybaris låg langs Tarantobukta.

Italia gjer krav på heile bukta som sitt territorialfarvatn og derfor stengd for internasjonal trafikk. Dette vert derimot ikkje annerkjend av enkelte andre land, som USA og Storbritannia.

39°53′N 17°17′E / 39.883°N 17.283°E / 39.883; 17.283