Roger
Roger er ei opphavleg engelsk form av det germanske mannsnamnet Rodger, kjend på norsk som Roar. Hroðgar er ein gammalengelsk og Hróðgeirr ein norrøn variant av namnet.
Namnet er sett saman av Ro-, som kan koma av det norrøne ordet hróðr eller gammalhøgtysk hruod, som begge betyr 'ære' eller 'vidspurd', og -ger, som kan koma av norrønt geirr eller gammalhøgtysk ger, med tydinga 'spyd', eller av urnordisk *hariaR, 'krigar' eller *wariaR, 'forsvarar'.
Roger har norsk namnedag den 4. januar og svensk namnedag den 2. juni.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Roger er særs utbreidd i Belgia og er ellers mykje brukt i USA, Sverige, Noreg og Frankrike. Den tyske forma Rüdiger er vanleg i Tyskland.
I 2009 var det 9 152 norske menn som heitte Roger. Namnet kom i bruk i Noreg på 1900-talet, og bruken voks til ein topp på siste halvdel av 1960- og heile 1970-talet, då over 0,8 % av nyfødde gutar fekk namnet.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.
- Roger Dorsinville (1911-1992), haitisk poet
- Roger Moore (f. 1927), engelsk skodespelar
- Roger McGuinn (f. 1942), USA-amerikansk musikar frå The Byrds
- Roger Waters (f. 1943), engelsk musikar
- Roger Daltrey (f. 1944), engelsk musikar frå The Who
- Roger Keith Barrett kjend som Syd Barrett (1946-2006), engelsk musikar frå Pink Floyd
- Roger David Kornberg (f. 1947), USA-amerikansk forskar og nobelprisvinnar
- Roger Powell (f. 1949), USA-amerikansk musikar og datamann
- Roger Meddows-Taylor (f. 1949), engelsk trommeslagar frå Queen
- Odd Roger Enoksen (f. 1954), norsk politikar (Sp)
- Roger Albertsen (1957-2003), norsk fotballspelar
- Roger Ruud (f. 1958), norsk skihoppar
- Roger Bart (f. 1962), USA-amerikansk skodespelar
- Roger Pedersen (f. 1965), norsk politikar
- Roger Nilsen (f. 1969), norsk fotballspelar
- Roger Eskeland (f. 1977), norsk fotballspelar
- Roger Federer (f. 1981), sveitsisk tennisspelar
- Dansarinna og teaterinstruktøren Edith Roger (f. 1922), har teke Roger som etternamn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Roger» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Roger hjå Statistisk Sentralbyrå