[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Numerus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Numerus er ein grammatisk kategori som uttrykkjer talet på referensar. I språk i vår del av verda finst det to- og trenumerussystem. Norsk har eit tonumerussystem. Forma bok blir ofte brukt til å vise til ei bok, mens forma bøker blir brukt til å vise til fleire enn ei bok. I dei samiske språka har verba og pronomena eit trenumerussystem, med singularis, dualis og pluralis, som viser til ein, to eller fleire referentar, mun boađán / moai bohte / mii boahtit, «eg kjem / vi to kjem / vi (fleire enn to) kjem».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.