Najaf
Najaf | |||
farsi نَجَف, an-Najaf, arabisk اَلـنَّـجَـف | |||
by | |||
Masjid al-Imam ‘Ali-moskeen, ein av dei viktigaste stadane i Najaf
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Najaf guvernement | ||
Høgd | 60 moh. | ||
Folketal | 1 389 500 (2014)[1] | ||
Tidssone | UTC+3 | ||
Najaf 32°01′44″N 44°20′23″E / 32.028951°N 44.339621°E | |||
Wikimedia Commons: Najaf |
Najaf (arabisk اَلـنَّـجَـف) eller An Najaf Al Ashraf (arabisk النّجف الأشرف) er ein by sør i det sentrale Irak kring 160 km sør for Bagdad. Folketalet var i 2013 estimert til kring éin million innbyggjarar.[2] Han er hovudstad i Najaf guvernement. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 130 km sør for Bagdad. I 2003 hadde han kring 563 000 innbyggjarar.[3]
Najaf voks fram som valfartsstad for sjiamuslimar.[3] I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam, Ali ibn Abi Talib (ca. 600–661), er gravlagd.[3] I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Najaf skal ha blitt grunnlagd i 791 av abbasidekalifen Harun al-Rasjid. Etter kvart er han blitt fylt med skular, bibliotek og sufisenter slik at han blei den viktigaste byen for sjiittisk lærdom og teologi, på linje med Qom i Iran. Mange vidkjende teologar har studert her, til dømes Allameh Tabatabaei, Ayatollah Khomeini og Ayatollah Sistani.
Under det sunnidominerte styret til Saddam Hussein i Irak såg ein på byen med mistru, og det blei lagt band på dei religiøse aktivitetane til sjiamuslimar. Mot slutten av Gulfkrigen i 1991 braut det ut eit stort opprør som blei slege ned av det irakiske militæret.
Då amerikanske styrkar invaderte Irak i 2003 kringsette dei byen, men ønskt ikkje å gå inn i han, av frykt for å få sjiaane imot seg. Rundt ti dagar etter at Bagdad fall gav Najaf opp motstanden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.citypopulation.de/Iraq.html
- ↑ Ring, Trudy (1996). «Najaf». Global Security. Henta 27. februar 2021.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Al Najaf». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 5. juli 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |