[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Isoterm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 30. september 2015 kl. 09:13 av EmausBot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 4 interwikilenkjer som er flytte til d:Q7421486Wikidata)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ein isoterm er ei linje med lik eller konstant temperatur på ein graf, eit plott eller eit kart. Ei slik linje blir òg kalla ein isoplett. Isotermar blir oftast sett på vêrkart for å vise storskala temperaturfordelingar.

Geoisoterm

[endre | endre wikiteksten]

Geoisoterm eller isogeoterm er tenkte flater i jordskorpa med same temperatur. I dei øvste laga av jordskorpa, går dei stort sett parallelt med jordoverflata, medan dei djupare ned får ei meir sfærisk form.

Isogeoterm kan òg tyde ei linje med lik årleg middeltemperatur.