Anselm Feuerbach
Anselm Feuerbach | |
Sjølvportrett, 1878 | |
Statsborgarskap | Kongedømet Bayern |
Fødd | 12. september 1829 Speyer |
Død |
4. januar 1880 (50 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar, biletkunstnar, teiknar |
Sjanger | portrett |
Far | Joseph Anselm Feuerbach |
Mor | Amalie Feuerbach |
Anselm Feuerbach på Commons |
Anselm Feuerbach (12. september 1829–4. januar 1880) var ein tysk målar fødd i Speyer i Rheinland-Pfalz. Han vert i dag rekna som ein av dei fremste nyklassisistiske målarane i tysk kunstliv. Far hans, Joseph Feuerbach, var ein kjend arkeolog.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Feuerbach studerte i Düsseldorf 1845-47, München og Antwerpen, samt 1851-54 i Paris, der han var elev til Thomas Couture. Han måla i dei dagar både portrett, nakenbilete og dekorative bilete. Av dei større måleria hans frå den tid viser Hafez i vinstova (1852) avgjort påverknad frå Couture sin måte å måle på, medan den i år 1854 utførte Diktaren Pietro Aretinos død, med sine mange figurar og overflod av tema, minner om Hippolyte Delaroche.
I 1855 flytta Feuerbach til Italia, og budde i Roma frå 1857 til 1872. Der måla han romantiske og idylliske motiv som Ariostos hagar, Eventyrforteljaren ved brunnen, Leikande born, Badande born og Ei italiensk mor med borna sine. I Roma pleia Feuerbach nært vennskap med den sveitsiske målaren Arnold Böcklin, der dei to målarane gjensidig påverka kvarandre. Perioden 1873-76 var Feuerbach professor i Wien og måla i den perioden hovudverket Titanane sitt fall.
Feuerbach vart lite påakta, og knapt forstått i si samtid. Stilen hans stod i skarp og uforsonleg motsetnad til dei herskande straumdraga; både til den historiske realismen representert ved Carl von Piloty og elevane hans, og til den yppige og omfattande kolorismen til Hans Makart og det samtidige Wien-måleriet. Feuerbach sitt syn på antikken skilde seg også frå dei som kalla seg klassisistar. Han etterlikna ikkje dei antikke formene, men søkte den logna og jamvekta han såg i antikken. Kritikken klandra honom for det udramatiske innhaldet i verka hans, og ein sakna i bileta hans den germanske karakteren, ei kraft som det samtidige publikum også ville sjå i dei antikke motiva.
Han døydde i Venezia, 50 år gammal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anselm Feuerbach» frå Wikipedia på svensk, den 2. oktober 2013.