Tahitisk
Tahitisk er eit polynesisk språk som blir snakka i det franske territoriet Fransk Polynesia i Stillehavet. Språket blir hovudsakleg tala på Selskapsøyane, mellom anna Tahiti. Saman med fransk er det offisielt språk i Fransk Polynesia.
Tahitisk Reo Tahiti, Reo Mā`ohi | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayo-polynesisk Austleg Oseanisk Polynesisk Kjernepolynesisk Tahitiske språk Tahitisk | |
Bruk | ||
Tala i | Fransk Polynesia | |
Område | Polynesia | |
Tahitisktalande i alt | 46 577 (2007) (hovudspråk heime)[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ty | |
ISO 639-2 | tah | |
ISO 639-3 | tah | |
Wikipedia på tahitisk |
Ved folketeljinga i 2007 oppgav 46 577 tahitisk som hovudspråk heime.[1] Ved folketeljinga i 1977 blei det teld 124 262 takarar.[2]
Slektskap
endreTahitisk er nært i slekt med andre innfødde språk i Fransk Polynesia (marquesisk, mangarevansk og tuamotuisk) og språk på Australøyane. Det er også i slekt med ratotongisk, maori og hawaiisk, og fjernt med malayisk, tagalog og gassisk.
Skriftspråk
endreEit skriftspråk for tahitisk blei først utvikla rundt 1800, då den europeiske misjonæren Henry Nott frå skipet «Duff» samarbeidde med kong Pōmare II om å omsetja Bibelen til tahitisk. Ein nytta 5 vokalar og 9 konsonantar for å skriva språket, og dette danna utgangspunkt for tahitisk rettskriving.
Alfabet
endrebokstav | namn | uttale | |
---|---|---|---|
IPA | |||
a | ’ā | /a/, /ɑː/ | |
e | ’ē | /e/, /eː/ | |
f | fā | /f/ | blir bilabial [ɸ] etter o og u |
h | hē | /h/ | blir [ʃ] (sj-lyd) etter i og før o eller u |
i | ’ī | /i/, /iː/ | kan bli diftonge ai i nokre ord, som rahi |
m | mō | /m/ | |
n | nū | /n/ | |
o | ’ō | /ɔ/, /oː/ | |
p | pī | /p/ | |
r | rō | /r/ | alveolar tremulant |
t | tī | /t/ | |
u | ’ū | /u/, /uː/ | kraftig lepperunding |
v | vī | /v/ | blir bilabial ([β]) etter o og u |
’ | ’eta | /ʔ/ | glottal plosiv ved byrjinga av ei staving |
Tahitisk i kunst
endreKunstnaren Paul Gauguin brukkte tahitisk som namn på fleire måleri, som I Raro te Oviri ('Under pandanustreet'), Manao Tupapau ('Sett av daude ander'), Te arii vahine ('Kona til kongen'), Hina tefatou ('Månen og jorda') og så bortetter. Han skreiv også inn tahitiske tekstar på mange av bileta sine,
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Institut statistique de Polynésie française, Recensement général de la population de 2007 : Langues [1]. Oppgjeve av Fransk Wikipedia.
- ↑ Ethnologue
- Denne artikkelen bygger på «Tahitian language» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2013.