Fransk
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fransk (fleirtyding).
Fransk (le français [lɘˌfʁɑ̃ˈsɛ]) er eit indoeuropeisk språk på den romanske greina. Det vert mellom anna tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.
Fransk français | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk italiske språk romanske språk galloromanske språk | |
Talarar | Frankspråklege | |
Bruk | ||
Tala i | Frankrike, Belgia, Sveits, Canada og 48 andre land | |
Område | Vest-Europa, Nord-Afrika, Asia, Polynesia, Sør-Amerika og Nord-Amerika | |
Fransktalande i alt | 173 000 000 | |
Rangering | 13 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Frankrike, Belgia, Sveits, Canada, Elfenbeinskysten og 30 andre land | |
Normert av | Académie française | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | fr | |
ISO 639-2 | fre (B)/fra (T) | |
ISO 639-3 | fra | |
Wikipedia på fransk |
Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (an, en /ɑ̃/ som i enfant [ɑ̃ˈfɑ̃] («barn»), on /ɔ̃/ som i maison [mɛˈzɔ̃] («hus»), in /ɛ̃/ som i cinq /sɛ̃k/ («fem») og un /œ̃/ som i brun [bʁœ̃] («brun»),[1] ein labialisert u /y/ som i rue [ʁy] («gate»), skarre-r /ʁ/ som i Paris [paˈʁi] og schwa /ə/ som i cheval [ʃəˈval] («hest»).[2]
Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).[2]
Utbreiing
endreFransk er offisielt språk i desse landa og territoria:
Land | Infødde talarar | Folketal |
---|---|---|
(omtrentleg tal) | (juli 2003) | |
Frankrike | 51 949 900 | 60 180 600 |
Kongo-Kinshasa | 702 400 | 55 225 478 |
Libanon | 1 500 000 | 3 826 018 |
Canada | 7 535 600 | 32 207 000 |
Elfenbeinskysten | 1 614 500 | 16 962 500 |
Kamerun | 643 900 | 15 746 200 |
Burkina Faso | 140 300 | 13 228 500 |
Mali | 140 800 | 11 626 300 |
Senegal | 88 100 | 10 580 400 |
Belgia | 3 807 000 | 10 290 000 |
Rwanda | 153 600 | 7 810 100 |
Haiti | 141 200 | 7 527 800 |
Sveits | 1 515 700 | 7 318 638 |
Burundi | 63 900 | 6 096 156 |
Togo | 141 500 | 5 429 300 |
Den sentralafrikanske republikken | 36 700 | 3 683 600 |
Kongo-Brazzaville | 267 300 | 2 954 300 |
Gabon | 109 200 | 1 321 500 |
Komorane | 15 300 | 632 948 |
Djibouti | 11 400 | 457 130 |
Luxembourg | 21 600 | 454 157 |
Guadeloupe | 110 400 | 442 200 |
Martinique | 144 600 | 390 200 |
Vanuatu | 2 900 | 200 000 |
Benin | 191 200 | 7 862 944 |
Guinea | 178 700 | 9 690 222 |
Réunion | 170 600 | 787 584 |
Fransk Polynesia | 142 900 | 274 578 |
Ny-Kaledonia | 127 800 | 219 246 |
Niger | 85 400 | 12 525 094 |
Tsjad | 85 400 | 9 944 201 |
Fransk Guyana | 39 900 | 199 509 |
Mauretania | 21 000 | 3 177 388 |
Monaco | 15 400 | 32 543 |
Mayotte | 14 900 | 201 234 |
Saint-Pierre og Miquelon | 6 700 | 7 026 |
Saint Martin | 3 500 | 35 000 |
Saint-Barthélemy | 3 200 | 7 000 |
Wallis- og Futunaøyane | 1 300 | 16 025 |
Ekvatorialguinea | 200 | 540 109 |
Seychellane | 1 500 | 80 469 |
Madagaskar | - | 16 979 900 |
I visse land har språket ingen offisiell status, men er andrespråk for store delar av innbyggjarane:
land | folketal |
---|---|
(juli 2003) | |
Algerie | 32 810 500 |
Marokko | 31 689 600 |
Mauritius | 1 210 500 |
Tunisia | 9 924 800 |
Det finst også fransktalande grupper i Guinea-Bissau, Kambodsja, Egypt, India (Puducherry), Italia ( Aostadalen), Laos, Storbritannia (Kanaløyane), Israel (jødar med franske og nordafrikanske røter), USA (særleg Louisiana og New England) og Vietnam.
Kjelder
endre- ↑ P. MARTIN ; A.M. BEAUDOUIN-BEGIN ; M.J. GOULET; et al. «Les voyelles nasales en français du Québec» (på fransk). Fonema /œ̃/ og /ɛ̃/ har ein tendens til å verta uttalt likt i Frankrike med /œ̃/ som forsvinn og vert erstatta av /ɛ̃/, medan skiljet ser ut til å haldast oppe i andre frankofoniske land som til dømes Québec eller Belgia
- ↑ 2,0 2,1 fransk i Store norske leksikon. Henta 11. februar 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Franska» frå Wikipedia på svensk, den 11. februar 2013.