[go: up one dir, main page]

Provinsar i Frankrike

Provinsar i Frankrike viser til dei ulike administrative inndelingane av kongeriket Frankrike fram til landet blei omorganisert i departement i 1790, året etter den franske revolusjonen. Endringa var eit forsøk på å skapa eit likt system for heile landet i staden for mange utdaterte provinsar, men også å svekka lojaliteten til lokale føydalsystem og i staden auka sentralmakta.

Provinsar i Frankrike i 1789.

Namna på dei tidlegare provinsane blir framleis brukt innan geografi om naturregionar, og fleire av dei er brukte om nye regionar i Frankrike.

Liste

endre
 
Nummererte provinsar i Frankrike.
 
Franske departement i 1791, med dei tidlegare provinsgrensene avmerkte.

Provinsar i Frankrike før revolusjonen, med provinshovudstader i parentes. Tid for innlemming i Frankrike er oppført, kongedømet Frankrike (royaume de France) med RF, innlemming i kronlanda til kongen (domaine royal) med DR:

  1. Île-de-France (Paris). Oppretta som fransk kronland.
  2. Berry (Bourges) 1101
  3. Orléanais (Orléans).
  4. Normandie (Rouen). DR 1204.
  5. Languedoc (Toulouse). RF 1508.
  6. Lyonnais (Lyon) RF 1313.
  7. Dauphiné (Grenoble) RF 1349.
  8. Champagne (Troyes) DR: 1361.
  9. Aunis (La Rochelle)/ Vasallstat til Aquitaine. 1371.
  10. Saintonge (Saintes) 1371
  11. Poitou (Poitiers). Vasallstat til Aquitaine. 1416.
  12. Duché d'Aquitaine (Bordeaux). RF 1453).
  13. Duché de Bourgogne (Dijon) 1477.
  14. Picardie (Amiens) 1482
  15. Anjou (Angers) 1482
  16. Comté de Provence (Aix). 1482.
  17. Comté d'Angoumois (Angoulême). 1514.
  18. Bourbonnais (Moulins). DR 1527.
  19. Comté de la Marche (Guéret). DR 1527.
  20. Bretagne (Rennes). RF 1532.
  21. Comté du Maine (Le Mans). DR 1584.
    Comté du Perche (Nogent-le-Rotrou) høyrde til Maine-et-Perche i 1789.
  22. Touraine (Tours) 1584
  23. Limousin (Limoges) 1589
  24. Comté de Foix (Foix) 1607
  25. Comté d'Auvergne (Clermont-Ferrand). DR 1457
  26. Béarn (Pau). DR 1620.
  27. Alsace (Strasbourg). RF 1648.
  28. Comté d'Artois (Arras) 1659
  29. Roussillon (Perpignan) 1659
  30. Flandre (Lille) RF 1668.
  31. Franche-Comté (Besançon) RF 1678.
  32. Grand-gouvernement de Lorraine-et-Barrois. DR 1766, ei sameining av Trois-Évêchés (Metz) RF 1648 og Duché de Lorraine og de Bar (Nancy).
  33. Corse (Ajaccio) RF 1768.
  34. Duché de Nivernais (Nevers)
  35. Comtat Venaissin (Carpentras) : Pavestat. 1791. Byen Avignon høyrde til òg paven.
  36. République de Mulhouse : Alliert med dei sveitsiske kantonane. 1798
  37. Duché de Savoie (Chambéry). Tilhøyrde kongeriket Sardinia. 1860
  38. Comté de Nice (Nice). Tilhøyrde kongeriket Sardinia. 1860
  39. Principauté de Montbéliard (Montbéliard) 1793