[go: up one dir, main page]

Nyromantikken var ein periode innan kulturhistoria frå sist på 1800-talet til byrjinga av 1900-talet. Det har vore nytta om kunstnarar som reagerte mot den tidlegare naturalismen, eller som ikkje ønskte å ta til seg den framveksande modernismen.

Pike ved vinduet av Harriet Backer.

Nyromantikken i Noreg

endre

«Nyromantikk» vert ofte nytta som karakteristikk av perioden 1890-1905 i norsk litteratur og kunst. Det skal vera litteraturkritikaren Carl Nærup som gav perioden namnet «nyromantikk». Men ulike straumdrag levde side om side om side, og omgrepet nyromantikk har vorte mykje drøfta av litteraturhistorikarar.[1]

Overgangen frå romantikken til realismen i 1870-åra var knytt til Georg Brandes sitt krav om at litteraturen skulle setja problem under debatt. På 1890-talet grydde eit nytt paradigme med nye tankar om kva litteratur skulle vera. Mellom anna skreiv Knut Hamsun ein programartikkel i første årgangen av Samtiden, som tok til å koma ut i 1890: «Fra det ubevidste Sjæleliv». Litteraturen skulle ikkje lenger setja problem under debatt, meinte han. Han etterlyste ein litteratur som setje merkelege psykologiske fenomen «under Luppen», og interesserte seg for det umedvitne indre livet. Han heldt også ei rekkje føredrag der han gjekk til åtak på dei eldre diktarane, mellom dei Ibsen.

Somme kjenneteikn på perioden 1890-1905 i Noreg:

  • Diktarane vender seg meir eller mindre bort frå parolen om å «setja problem under debatt»
  • Mindre interesse for å forklåre 'alt' ut frå arv og miljø
  • Fornya interesse for tidlegare romantiske periodar som høgromantikk/universalromantikk, nasjonalromantikk og mellomalder-romantikk. Difor tanken om ein ny romantikk
  • Lyrikken blømer, også i prosastilen. Romanen og dramaet lever vidare, men merkte av dei nye straumdraga
  • Inspirasjon frå eventyr, segner, folkeviser, folketru og det Moltke Moe kalla 'Det mytiske tenkesett'
  • Interesse for å skrive for og om born og unge
  • Omgjevnader, t.d. natur- og gatebilete, vert mykje oppfatta som sinnbilete
  • Diktinga/litteraturen blir (til dels) meir subjetivistisk
  • Diktninga interesserer seg for ekstreme sjelstilstand og ulike former for oppløysing - like til spalting - av personlegdomen (T.d. Hamsun, Tryggve Andersen).
  • Stemningar og gåtefulle innfall hjå den einskilde kjem i sentrum
  • Stikkord som svartsjuke, angest, ensemd, framandkjensle og mystikk får mykje å seia. Andre stikkord kan vera dekadanse, symbolisme, impresjonisme, heimstaddikting
  • Interesse for samfunnsformer i oppløysing
  • Religiøse spørsmål kjem meir i fokus att (t.d. Garborg)
  • Impresjonistiske stiltrekk blømer som aldri før (t.d. Sigbjørn Obstfelder, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Tryggve Andersen

Bakgrunnsstoff

endre

Vidare lesnad

  • David Mellor. Paradise Lost: the neo-Romantic imagination in Britain, 1935 - 1955. (1987)
  • Peter Woodcock. This Enchanted Isle - The Neo-Romantic Vision from William Blake to the New Visionaries (2000).
  • Malcolm Yorke. The Spirit of Place - Nine Neo-Romantic Artists and Their Times (1989).
  • Michael Bracewell. England Is Mine (1997).
  • Peter Ackroyd. The Origins of the English Imagination (2002).
  • P. Cannon-Brookes. The British Neo-Romantics (1983).
  • Corbett, Holt and Russell (Ed's.) The Geographies of Englishness: Landscape and the National Past, 1880-1940 (2002).
  • Graham Arnold. The Ruralists - A Celebration (2003).
  • Christopher Martin. The Ruralists (An Art & Design Profile, No. 23) (1992).
  • S. Sillars. British Romantic Art and The Second World War (1991).
  • Trentmann F. Civilisation and its Discontents: English Neo-Romanticism and the Transformation of Anti-Modernism in Twentieth-Century Western Culture (1994, Birkbeck College).
  • Edward Picot. Outcasts from Eden - ideas of landscape in British poetry since 1945 (1997).
  • Hoover, Kathleen and Cage, John. Virgil Thompson: His Life and Music (1959).
  • Albright, Daniel. Modernism and Music: An Anthology of Sources (2004).

Kjelder

endre
  1. Sjå t.d. Rolf Nyboe Nettum i Norges litteraturhistorie, b. 4, 1975 «Generasjonen fra 1890-årene» og Edvard Beyer,1990: ««Åttiår» og «nittiår» i norsk litteratur» i Profiler og problemer s. 7-19
  Denne litteraturartikkelen som har med kunst å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.