[go: up one dir, main page]

Polen

land i Europa

Polen (polsk Polska /ˈpɔl.ska/), offisielt Republikken Polen (polsk Rzeczpospolita Polska /ˌʒɛt͡ʃ.pɔsˈpɔ.li.ta ˈpɔl.ska/) er eit land i Sentral-[1] eller Aust-Europa[2]. Det ligg i midten av Europa og grensar i vest mot Tyskland, i sør mot Tsjekkia og Slovakia, i aust mot Ukraina og Kviterussland, og i nord mot Austersjøen, Litauen og den russiske Kaliningrad-eksklaven. Polen delar òg sjøgrenser med Danmark og Sverige. Med ei flatevidd på 312 679,67 km²[3] er Polen verdas 69. største land. Folketalet i Polen er om lag 38,5 millionar menneske[4], for det meste busette i byar[5].

Rzeczpospolita Polska

(norsk: Polen, polsk)

Det polske flagget Det polske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mazurek Dąbrowskiego»
Geografisk plassering av Polen
Offisielle språk Polsk1
Hovudstad Warszawa
Styresett
Republikk
Andrzej Duda
Donald Tusk
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
312 685 km² (69.)
2,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
38 476 269 (34.)
123,1 /km² (69.)
Sjølvstende
  – Erklært

11. november 1918
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 003 000 mill. USD (23.)
27 800 USD (49.)
Valuta Złoty
Tidssone UTC +1
Telefonkode +48
Toppnivådomene .pl

1Regionalt òg tysk, kasjubisk, kviterussisk og ukrainsk

Den fyrste polske staten oppstod i 966, med eit territorium som liknar på dei moderne grensene til Polen. Landet vart eit kongedøme i 1025 og gjekk i 1569 inn i ein langvarig union med Storhertugdømet Litauen og danna Det polsk-litauiske samveldet. Samveldet vart oppløyst i 1795 då Polen vart delt mellom grannelanda sine Russland, Preussen og Austerrike. Polen vann sjølvstendet sitt tilbake i 1918 etter fyrste verdskrig, men tapte det igjen under andre verdskrig, då landet vart okkupert av Det tredje riket og Sovjetunionen. Etter krigen vart Polen gjort om til eit sosialistisk[6][7] «austblokkland» under sovjetisk kontroll. I 1989 kvitta Polen seg med sosialiststyret og landet vart uformelt kjent som «Den tredje polske republikken».

I dag er Polen eit parlamentarisk demokrati som består av seksten voivodskap, og er det sjette mest folkesette medlemsland i Den europeiske unionen. Landet er dessutan medlem i NATO, SN, OECD, WTO og fleire andre internasjonale organisasjonar.

Forsøk på å forklåre etymologien til namnet «Polska» lukkast ikkje og opphavet av det held fram med å vere usikkert. Sannsynlegvis kjem det frå eit folkenamn «Polanie» (polanarar), som var ein vestslavisk stamme folkesett i det notidige Stor-Polen, medan dette folkenamnet er avleidd av urslavisk *polje «åker» (jf. polsk pole)[8]. Andre forfattarar stør at landsnamnet er direkte avleidd frå *polje, medan «polanarar» aldri eksisterte sidan dei opptrer i skrivne kjelder mykje seinare enn namnet «Polska» sjølv[9]. Adjektivet polski «polsk» tydde opphavleg «åker(s)-» og fekk moderne meining om lag i 1500-talet. Namnet «Polska» vert danna antakeleg ved forkorting av ziemia polska («polsk land», jf. latin terra Poloniæ og Hrvatska som har òg adjektivisk opphav)[10].

Det tyske namnet «Polen» er etymologisk sett fleirtal av Pole «polakk» og vert lånt av ei rekkje andre germanske språk, til dømes nederlandsk og alle tre fastlandske skandinaviske språk. Engelsk, færøysk og islandsk brukar i staden samansetjingar — Poland og Pólland. På norrønt het Polen Pulinaland. Dette namnet opptrer i Soga om Didrik av Bern[11].

Historie

endre

Grunnlegging av riket

endre
 
Kroning av den fyrste kongen i Polen av Jan Matejko.

Som den fyrste leiaren i Polen reknar ein fyrsten Mieszko I (ukrona) som regjerte 962-992[12]. Giftarmålet hans med den tsjekkiske prinsessen Dubrawa av Böhmen i 965 er anteke å ha påskunda kristninga av landet i fylgjande år[13]. Sonen deira, Bolesław I Chrobry, gjekk opp på trona ved faren sin daude i 992 og regjerte fram til dauden sin i 1025. Straks innan han døydde vart han krona av biskopen i Gniezno (som var då truleg hovudstaden i Polen[12]) og vert difor rekna som den fyrste krona kongen av Polen. Under 1100-talet kom det etter Bolesław III sin daude til ei oppdeling av landet i mindre landskap som var styrte av hans born. Kort tid etter byrja interne kamper over trona i Kraków som utvikla seg til den mest viktige byen i landet[14]. Denne perioden varte 160 år og la vestlege landskap til rette for å kome under tysk kontroll[15]. Władysław I Alnehøg sameinte likevel riket og vert krona til konge av det sameinte Polen i 1320.

Mellomalderen, Samveldet og usjølvstende

endre
 
Det polsk-litauiske samveldet i sitt største omfang

Det mellomalderlege kongeriket Polen gjekk i 1385 inn i personalunion med Storhertugdømet Litauen for å verne seg mot Den tyske riddarordenen og Storfyrstedømet Moskva. I 1569 vart ein realunion skapt mellom begge landa som de facto tydde at Litauen utgjorde ein del av Polen. Denne tida vert kalla for «det gylne hundreåret», medan det nyskapte landet vart kalla for Det polsk-litauiske samveldet eller «Republikken av to nasjonar» (polsk: Rzeczpospolita Obojga Narodów). Under 1500-, 1600- og 1700-talet auka suksessivt makta til den polske adelen på kostnad av dei polske kongane, som til slutt førte til administrativt og sosialt kaos[16]. Det berømte uttrykket liberum veto (latin for «fritt veto») har opphavet sitt i tida då ein enkelt adelsmann hadde rett til å stoppe ei riksdagsavgjerd når absolutt semje om ei sak vart oppfatta som grunnleggjande for at ho skulle verte handheva[17]. Uttrykket polsk riksdag stammar òg frå denne tida og vert brukt i dag om situasjonar der kaos og usemje rår.

Mellom 1594 og 1649 braut fleire kosakkopprør ut i det polske riket som ætta frå framfor alt religiøs forfylging av ortodokse ukrainarar av det katolske kyrkja og den polske staten. Det siste opprøret førte til at Ukraina i 1654 slutta seg til Russland. Ifylgje fredavtalen mellom Russland og Polen frå 1667 vart Ukraina definitivt tilføyd Russland.

Ved slutten av 1700-talet vart det økonomisk og militært svake Polen delt ved tre høve (1772, 1793 og 1795) opp mellom stormaktene Russland, Preussen og Austerrike. Territoriet krympa ved begge fyrste delingane og gjennom den siste delinga tok landet slutt å eksistere som sjølvstendig stat. Den polske nasjonen fekk dernest forvalte og utvikle kulturen sin underjordisk, trass attvendande russifiserings- og fortyskingskampanjar.

 
Den russiske armeen under unntakstilstand i Warszawa i 1861

Tusenvis av polakkar vende seg til hærane til det revolusjonære Frankrike for å kjempe for fridomen til nasjonen under flagga deira i dei polske legionane. Napoleon I oppretta i 1807 Storhertugdømet Warszawa som var ein fransk satellittstat. Polakkane forventa seg at storhertugdømet skulle vere det fyrste steget innfor attoppretting av ein suveren polsk stat. Storhertugdømet Warszawa vart likevel erobra av styrkane til den sjette koalisjonen i 1813 og etterpå delt mellom Russland og Preussen etter Wienerkongressen i 1815. Under resten av 1800-talet tok fleire mislukka opprør plass, derav alle slost ned hardt (1830-31, 1832, 1844, 1846, 1848-49, 1863-65, 1866, 1905). Polakkar tok del ogso i opprør i andre statar som var direkte eller indirekte retta mot nokon av Polen sine tre okkupasjonsmakter. Det var berre etter den fyrste verdskrigen då den uavhengige, suverene polske staten vart atterreist. Kampane i Polen slutta likke fullt ikkje etter den fyrste verdskrigen. Det atterfødde Polen ende opp straks i konflikt med alle grannestatar over territoria som det hadde krav på.

Konflikten med Ukraina og deretter med Sovjetunionen var den mest alvorlege og mest omfattande. Den polsk-sovjetiske krigen (1920-1921) slutta med ein polsk siger. Den polske grensa mot Sovjetunionen vart fastsett i 1921 gjennom fredsavtalen i Riga.

Den andre republikken og andre verdskrig

endre
 
Bysenteret i Warszawa i 1939

Etter at polske grenser vart fastsette, oppstod det mange politiske og etniske problem – Polen var ein multietnisk stat som gjekk inn i konfliktar over grenser med nesten alle grannane sine. Ved sida av den store polsk-sovjetiske krigen kjempa polakkar mellom anna mot Litauen over Vilnius[18] og mot Tsjekkoslovakia over Zaolzie[19]. Sjølv om militære operasjonar tok slutt i 1921, vart den tunge politiske situasjonen behalden og påverkar framleis internasjonale forhold mellom Poland og grannelanda[20][21].

 
Ny landsby for etnisk tyske (Volksdeutsche) som var forflytta frå det austlege Polen (som då, 1940, var okkupert av Sovjetunionen) til «Reichsgau Wartheland» annektert av Tyskland.
Foto: Bundesarchiv, Bild 137-068427 / CC-BY-SA 3.0

Mai-kuppet 12.-14. mai 1926 overførte leiinga av Den andre polske republikken til Sanacja-rørsla under Józef Piłsudski som innførte eit autoritært styre i landet[6]. Sjølv om Piłsudski døydde i 1935, kontrollerte Sanacja Polen fram til byrjinga av den andre verdskrigen 1. september 1939, då Polen vart invadert av og delt mellom Det tredje riket og Sovjetunionen, ifylgje dei hemmelege klausulane i Ribbentrop-Molotov-pakten. Det polske territoriet var under delt sovjetisk og tysk okkupasjon fram til juni 1941.

I denne perioden dreiv både tyskarane og sovjetarane forfylging av lokalbefolkninga med særleg fokus på å råke den polske eliten. Kringom 200 000 vart avretta eller døydde i fangenskap, med dei to regima ansvarlege for omtrent halvdelen kvar. Desse tala inkluderer om lag 50 000 menneske som vart avretta av tyskarane hausten 1939, massemordet på den polske offiserseliten i Katyn våren 1940 og nesten 10 000 som vart skotne i ein hasteaksjon av NKVD etter Tyskland invaderte Sovjetunionen i juni 1941, og personar som døydde som fylgje av deportasjonen av sirka 315 000 menneske til sovjetiske arbeidsleirar i Sibir og Kasakhstan[22].

 
Ei av massegravene i Katyn

Regimet til Adolf Hitler var særleg hardt mot den polske sivilbefolkninga. Av alle land som var med i andre verdskrig, mista Polen den høgaste prosentdelen av befolkninga si. Den tyske okkupasjonen kravde livet til 6 millionar polakkar, halvdelen av dei polske jødar. Jødane utgjorde ved byrjinga av invasjonen om lag 10% av landet si befolkning, og rundt 90% av dei vart rydda ut. I tillegg kom enorme materielle øydeleggingar, der mellom anna Warszawa vart jamna med jorda[6].

Etter krigen måtte Polen, som fylgje av den sovjetisk-britisk-amerikanske Jaltaavtalen, gje avkall på store område i aust til Sovjetunionen, medan grensene ti landet vart forskuva vestover. Det nye Polen vart 20% mindre enn før krigen, og grenseendringane framtvinga migrasjonen av millionar av menneske – polakkar, tyskarar, ukrainarar og jødar. Som fylgje av desse hendingane vart Polen for fyrste gong i sin fleirkulturelle historie ein etnisk homogen stat. Ein polsk minoritet finst framleis i grannelanda Ukraina, Kviterussland og Litauen, so vel som i fleire andre land.

Etter andre verdenskrig

endre

Makta i Polen vart overteken av ein sovjetkontrollert overgangsregjering gjennom rigga val som gav makta til sosialist- og kommunistdrivne parti i samband med frigjeringa frå Nazi-Tyskland under slutten av andre verdskrig. Landet var utropt som ein sosialistisk folkerepublikk (offentleg namn 1947-1990: Polska Rzeczpospolita Ludowa – «Folkerepublikken Polen» i 1947 etter kampar som kosta ytterlegare 100 000 polakkar livet. Landet var under tida si som folkerepublikk medlem av Warszawapakta og COMECON. Under autoritær leiing av Det sameinte polske arbeidarpartiet (PZPR) heldt Polen fram med å vere sosialistisk folkerepublikk de iure til 1990 (de facto 1989), då eit fritt, demokratisk land var proklamert.

Under Stalin-perioden vart landet styrt med ganske repressive metodar. Etter dauden til Stalin var ei viss reformering og liberalisering innført under Władysław Gomułka. Etter 1968 vert misnøya med systemet kanalisert i ei antisemitisk utreinsking og i 1970, etter opptøyane i hamnebyane Gdańsk, Gdynia i Szczecin, der fleire demonstrerande arbeidarar vart daudskotne, vart Gomułka avsett av Edward Gierek.

 
Edward Gierek leia kommunistpartiet 1970-1980. Her til høgre saman med Jimmy Carter, 30. desember 1977.
Foto: White House Staff Photographers

Gierek freista å modernisere industrien i landet gjennom vidløftige lån og import, dette samstundes som misnøya mellom befolkninga auka og førte til ei langvarig streikebølgje. I september 1980 vart Gierek avsett av partiet. Straks deretter vert den frie fagforeininga og statborgarrettsorganisasjonen Solidarność («Solidaritet») skapt under dei ville streikane, med Leninverven i Gdańsk som sentrum. Til streikleiar vart Lech Wałęsa, den framtidige presidenten i Polen, oppnemnd. Arbeidarane ved verven kravde å få forhandle med regjeringa i direktesend TV for å minske moglegheitene til regjeringa å manipulere kravet. I 1981 vart general Wojciech Jaruzelski vald som partileiaren og 13. desember 1981 innførte han unntakstilstand for å attopprette kontrollen over landet og antakeleg i eit forsøk å forhindre ein sovjetisk invasjon, liknande den frå Ungarn (1956) og Tsjekkoslovakia (1968). Jaruzelski heldt fram med å vere ved makta til samanbrotet av sosialismen i austblokka i 1989, var president under overgangstida og gjekk av i 1990, då leiaren til «Solidaritet», Lech Wałęsa tiltredde stillinga. Sidan dess har landet demokratisk styreform.

Under sosialistane lei landet av store brot av statsborgarrett og demokrati, ineffektiv produksjon og mangel på varer på marknaden, som leidde til at korrupsjon og svartebørssystem var permanente problem. All industri og alle kommunikasjonsmiddel var statsåtte, med unntak for små handverk- og handelsføretak. I motsetnad til Sovjetunionen og dei andre satellittstatane heldt det meste av jordbruket fram med å vere privatått av sjølvstendige småbrukarar. Ved overgangen til marknadsøkonomi stilte mellom anna Verdsbanken krav på sanering av økonomien. I dag har landet høg vokster mellom anna gjennom utvidking av tenestsektoren og gjennom flytting av produksjon frå vestlege land. Høg arbeidsløyse og låge lønner er ein av orsakane til at mange polakkar vandrar ut til Vest-Europa, noko som i det siste vert oppfatta som ein av største utfordringar for landet sin økonomi.

Polen gjekk med i NATO i 1999, i OECD i 1966, og i EU i 2004. Sidan dei politiske endringane i 1989 har Polen tok del i fleire militære operasjonar verda rundt som USA sin allierte[23].

Politikk og administrasjon

endre

Politisk system

endre

Administrativ inndeling

endre

Polens administrative inndeling har tre nivå. 16 voivodskap (landskap), som er det høgaste nivået, vert delte inn i 379 powiatar (krinsar), som vidare vert delte i 2 478 gminaar (kommunar). Dei noverande voivodskapa samsvarer ofte med historiske regionar i landet og vert etablerte saman med powiatane i 1999, som erstatning for gamle 49 voivodskap, sentrerte rundt og namngjevne etter individuelle byar. Voivodskapa varierer i areal (frå under 10 000 km² til over 35 000 km²) og i befolkning (frå éin til over fem millionar innbyggjarar). Det administrative styret av voivodskapa er delt mellom ein statsinnsett voivod (guvernør), ei vald regional samling (sejmik) og ein internvald leiar for denne samlinga.

Av 379 powiatar, er 65 eigentleg bykommunar som på grunn av økonomiske eller historiske faktorar har rettar av både kommune og powiat.

 
Voivodskap Hovudstad Flatevidd (km²) Folkemengd(1)
1 dolnośląskie (Nederschlesiske voivodskap) Wrocław 19 947 2 888 232
2 kujawsko-pomorskie (Kujaviskpommerske voivodskap) Bydgoszcz/Toruń(2) 17 972 2 068 253
3 lubelskie (Lublin-voivodskapet) Lublin 25 122 2 179 611
4 lubuskie (Lubusz-voivodskapet) Gorzów Wielkopolski/Zielona Góra(3) 13 988 1 009 198
5 łódzkie (Łódź-voivodskapet) Łódź 18 219 2 577 465
6 małopolskie (Veslepolske voivodskap) Kraków 15 183 3 266 187
7 mazowieckie (Masoviske voivodskap) Warszawa 35 557 5 157 729
8 opolskie (Opole-voivodskapet) Opole 9 412 1 047 407
9 podkarpackie (Subkarpatiske voivodskap) Rzeszów 17 846 2 098 263
10 podlaskie (Podlasie-voivodskapet) Białystok 20 187 1 199 689
11 pomorskie (Pommerske voivodskap) Gdańsk 18 314 2 199 043
12 śląskie (Schlesiske voivodskap) Katowice 12.334 4 685 775
13 świętokrzyskie (Święty Krzyż-voivodskapet) Kielce 11.710 1 285 007
14 warmińsko-mazurskie (Ermelandskmasuriske voivodskap) Olsztyn 24 173 1 428 601
15 wielkopolskie (Storpolske voivodskap) Poznań 29 827 3 372 417
16 zachodniopomorskie (Vestpommerske voivodskap) Szczecin 22 892 1 694 178

(1) 1. januar 2006
(2) Bydgoszcz er sete for regjeringsrepresentant (wojewoda), medan Toruń – for lokalt sjølvstyre.
(3) Gorzów Wielkopolski er sete for regjeringsrepresentat, medan Zielona Góra – for lokalt sjølvstyre.

Klima

endre
 
Spa-parken Park Zdrojowy i Świnoujście.

Polen er eit forholdsvis stort land, men ein finn ikkje dei store klimatiske variasjonane i landet. Vêret i seg sjølv varierer derimot ein del, både frå dag til dag og frå årstid til årstid. Sommaren har som regel varme dagar og ikkje altfor kjølige netter med temperaturar over 30 °C eller under 10 °C eit par gonger i løpet sommaren. Torevêr er forholdsvis vanleg frå mai til august, og innimellom kan vedvarande regn føre til flaum. I kystområda av Austersjøen går derimot torebyene over i regnbyer, og temperaturen er noko lågare, rundt 16-20 °C. Fjellområda Karpatane og Sudetane kan få mykje torevêr og store temperatursvingingar.

Hausten fører ofte med seg mykje fint vêr i store delar av Polen, inkludert skogområda i sør og ved foten av Karpatane. Nedbørsmengdene minkar vanlegvis om hausten, bortsett frå på kysten i nord som ofte får ein del yr. Temperaturane held seg stort sett over frysepunktet til ut i november. Når vinteren set inn vert det derimot skya og kaldt (ofte svært kaldt) med lett snøfall om lag annakvar dag. Dei austlege og nordlege områda er som regel dekte av snø i januar og februar, og sjølv langs Austersjøkysten kjem det vanlegvis snø, men sjeldan i store mengder. Langs kysten kan det derimot blåse ein del om vinteren. Enkelte vinterdagar kan temperaturen stige over 10 °C, særleg i sørlege område når ein sørleg fønvind strøymer over fjellrekkjene der.

Våren er like tørr som hausten, og dette er tida på året med flest klårvêrsdagar. Temperaturane kan derimot svinge ein god del, frå nesten sommarlege temperaturar om dagen til frost om natta. Warszawa, som er representativ for klimaet i store delar av Polen, har ein årleg nedbørsnormal på 555 mm, der om lag halvparten fell mellom mai og august.

Referansar

endre
  1. «StAGN-Empfehlung zur Großgliederung Europas» (på tysk). StAGN.de. Henta 13. juni 2014. 
  2. «Composition of macro geographical (continental) regions, geographical sub-regions, and selected economic and other groupings». Dei sameinte nasjonane. Henta 13. juni 2014. 
  3. «Ranking województw pod względem powierzchni» (på polsk). Główny Urząd Statystyczny (Statistisk sentralbyrå). 2013. 
  4. «Informacje podstawowe» (på polsk). Główny Urząd Statystyczny (Statistisk sentralbyrå). 2014. 
  5. Stańczak, J.; Znajewska, A. (2013). Ludność. Stan i struktura w przekroju terytorialnym (PDF) (på polsk). Warszawa: Departament Badań Demograficznych i Rynku Pracy GUS. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Davies, N. (2005). God's Playground: A History of Poland, Vol. 2. Oxford: Oxford University Press. 
  7. Pilawski, K. (2013). «W Polsce nie było komunizmu». Przegląd (49/2013). 
  8. Długosz-Kurczabowa, K. (2003). «Jaka jest etymologia słowa Polska (nazwa kraju)?». Henta 13. juni 2014. 
  9. Urbańczyk, P. (2008). Trudne początki Polski. Wrocław: Wydawnictwo Uniwersytetu Wrocławskiego. 
  10. Lehr-Spławiński, T. (1978). Język polski. Pochodzenie, powstanie, rozwój. Warszawa: Państwowe Wydawnictwo Naukowe. 
  11. «Didrik av Berns saga». Heimskringla.no. Henta 13. juni 2014. 
  12. 12,0 12,1 Wyrozumski, J. (1988). Historia Polski: do roku 1505. Warszawa: Państwowe Wydawnictwo Naukowe. 
  13. Derwich, M.; Żurek, A. (2003). Polska. Dzieje cywilizacji i narodu. Tom I: U źródeł Polski. Do roku 1038. Warszawa-Wrocław: Bertelsmann Media-Wydawnictwo Dolnośląskie. 
  14. Bujak, A. (1999). Królewski Kraków. Kraków: Biały Kruk. 
  15. Higounet, Ch. (2001). Die deutsche Ostsiedlung im Mittelalter. Berlin: Siedler. 
  16. Jasienica, P. (1972). Rzeczpospolita Obojga Narodów. Dzieje agonii. Warszawa: Prószyński i S-ka. 
  17. Augustyniak, U. (2008). Historia Polski 1572-1795. Warszawa: PWN. 
  18. Buchowski, K. (2006). Litwomani i polonizatorzy. Białystok: Wydawnictwo Uniwersytetu Białostockiego. 
  19. Czapliński, M.; et al. (2002). Historia Śląska. Wrocław: Wydawnictwo Uniwersytetu Wrocławskiego. 
  20. Masenas, V. «Polskie ogniwo w Kownie». Tygodnik.lt. Henta 13. juni 2014. 
  21. Semik, T. «Spór o Zaolzie, czyli jak Czesi ograli Polaków». Dziennik Zachodni. Henta 13. juni 2014. 
  22. Snyder, T. «Hitler vs. Stalin: Who Was Worse?». Nybooks.com. Henta 13. juni 2014. 
  23. Abrahamson, K. A. (2013). Polen - diamand i aska. Fischer. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Polen