Moaørn
Moaørn[1] (Hieraaetus moorei) er ein utdøydd ørneart som levde på Sørøya på New Zealand. Ho var den største rovfuglen som har levd i historisk tid. Med ei estimert vekt på 10-18 kilogram var ho monaleg større enn den nest største og framleis eksisterande harpyørn (Harpia harpyja) på 9 kg.[2] Den enorme storleiken er forklart som ein evolusjonær respons på storleiken på byttet, vengelause moafuglar, der den største arten på Sørøya kunne vege 230 kg. Moaørna vart utdøydd rundt år 1400, etter framkomsten av maoriane, som utrydda moafuglane.[3]
Moaørn | |
Moaørn | |
Status | |
Status i verda: Utdøydd | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | †Harpagornis |
Art: | †Moaørn H. moorei |
Vitskapleg namn | |
Harpagornis moorei |
Maoriane kalla fuglen Te Pouakai eller Te Hokioi, med det andre namnet føretrekt og sannsynlegvis ein fonetisk ekvivalent til ropet frå fuglen: «Hokioi-Hokioi». Ei gammal maori helleristing viser ein mann med to veldig store, daude fuglar. Medan den eine sannsynlegvis skildrar ein albatross, blir den andre rekna å vere avbilding av ei moaørn.
Skildring
endreMed hjelp av data frå ei rekkje funn av bein- og fossilfunn, inkludert tre nær komplette skjelett, er det rekna at denne arten hadde ei kroppslengd på 90 til 140 cm, ein masse på opptil 12,3 kg og 17.8 kg for hannfuglar høvesvis hoer. Vengspennet var relativt kort for ein så gigantisk fugl, berre opptil 3,0 meter maksimalt,[4] ei mulig tilpassing til eit levevis inne i skogshabitat.
Den snøgge forsvinninga av dei viktigaste byttedyra, moafuglar, og andre store fuglar utan flygeevne, kan vere hovudgrunnen til at moaørna døydde ut omtrent samstundes med moafuglane. Menneskeleg øydelegging av habitatet kan også ha medverka.[5] Funn av verktøy som er tilverka av bein frå moaørner indikerer at menneske kan ha jakta på moaørna.
Føde og jakt
endreEin studie har funne at moaørna mest sannsynleg føretrekte indre organ frå byttedyra slik som gribbar og kondorar gjer. Men i motsetnad til gribbar, drap moaørna byttet sjølv.[7] Jaktteknikken kunne likne den brukt av harpyørna, ho venta sannsynlegvis på ein høg stad, til dømes i eit tre. Når byttet passerte kasta ho seg på det i høg fart. Byttet til moaørna vart gjennombora med spesielt lange og kraftige klør, og kunne trenge gjennom store bein.
Moaørna fylte ein nisje i det fugledominerte dyrelivet i New Zealand, der det aldri fanst nokre rovdyr på bakken bortsett frå ein gigantisk gekkoart som var rundt 60 cm lang.
Morfologien til arten tilseier at denne ørnearten kunne vere i stand til å åtake barn, maori munnleg tradisjon seier moaørna var ein menneskeetar.[4]
Taksonomi
endreJulius von Haast gjorde den første vitskaplege skildringa av moaørna i 1872, og kalla ho opp etter George Henry Moore, eigaren av Glenmark-godset der bein av fuglen vart funne.[4] DNA-analysar viser at moaørna var genetisk nært nærståande med dvergørn (Hieraaetus pennatus) og småørn (Hieraaetus morphnoides)[6] og ikkje, som opphavleg mistenkt, til den australske kilehaleørn (Aquila audax). Moaørna utvikla seg for mellom rundt 700 000 og 1,8 millionar år sidan. Auken i kroppsvekt med ein faktor på 10 til 15 i løpet av denne perioden representerer ein av dei raskaste evolusjonære aukane i storleik som nokon gong er observert hos virveldyr.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Haastadler» frå Wikipedia på tysk, den 29. oktober 2023
- Referansar
- ↑ «moaørn» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Knapp, Michael; Thomas, Jessica E.; Haile, James; Prost, Stefan; Ho, Simon Y.W.; Dussex, Nicolas; Cameron-Christie, Sophia; Kardailsky, Olga; Barnett, Ross; Bunce, Michael; Gilbert, M. Thomas P. (May 2019). «Mitogenomic evidence of close relationships between New Zealand's extinct giant raptors and small-sized Australian sister-taxa». Molecular Phylogenetics and Evolution (på engelsk) 134: 122–128. PMID 30753886. doi:10.1016/j.ympev.2019.01.026.
- ↑ Perry, George L.W.; Wheeler, Andrew B.; Wood, Jamie R.; Wilmshurst, Janet M. (1. desember 2014). «A high-precision chronology for the rapid extinction of New Zealand moa (Aves, Dinornithiformes)». Quaternary Science Reviews 105: 126–135. Bibcode:2014QSRv..105..126P. doi:10.1016/j.quascirev.2014.09.025.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Szabo, M.J. 2013. Haast's eagle. In Miskelly, C.M. (ed.) New Zealand Birds Online. www.nzbirdsonline.org.nz
- ↑ Ashwell,K.; R. P. Scofield (2009). «Rapid somatic expansion causes the brain to lag behind. The case of the brain and behavior of New Zealand’s Haast’s Eagle (Harpagornis moorei)». Journal of Vertabrate Paleontology 29 (3): 468.
- ↑ 6,0 6,1 M. Bunce, M. Szulkin, H. R. L. Lerner, I. Barnes, B. Shapiro, A. Cooper & R. N. Holdaway: Ancient DNA Provides New Insights into the Evolutionary History of New Zealand’s Giant Eagle. In: PLoS Biology. Band 3, Nummer 1, e9, 2005, doi:10.1371/journal.pbio.0030009.
- ↑ van Heteren AH; et al. (2021). «New Zealand's extinct giant raptor (Hieraaetus moorei) killed like an eagle, ate like a condor». Proceedings of the Royal Society B (The Royal Society) 288. doi:10.1098/rspb.2021.1913.