[go: up one dir, main page]

Future Days
Studioalbum av Can
Språk engelsk
Utgjeve August 1973
Innspelt 1973
Sjanger Krautrock
Ambient
Lengd 41:04
Selskap United Artists
Produsent Can
Can-kronologi 
Ege Bamyasi
(1972)
Future Days Soon Over Babaluma
(1974)


Future Days er det femte studioalbumet til den tyske rockegruppa Can. Dette var det siste albumet deira med den japanske vokalisten Damo Suzuki. På dette albumet nyttar bandet ein meir ambient stil enn på dei tidlegare albuma, særleg på tittelsporet og på den tjue minuttar lange «Bel Air».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars [1]
Piero Scaruffi(8/10)[2]
Pitchfork Media(8.8/10)[3]

Musikk

endre

Future Days nyttar bandet element av ambient, som dei hadde utforska på tidlegare plate, og «unngår stort sett meir tradisjonelle rockesongstrukturar og i staden skapar disige, vide lydlandskap dominert av sivande rytmar og stemningsfulle lag av klaver».[1] PopMatters skreiv at «Det kjennest som om Future Days er drive av ein kystbris, og utstråler ein meir behageleg, avslappa stemning enn noko bandet hadde spelt inn før.»[4]

Ettermæle

endre

Albumet vart rangert på åttandeplassen på Rolling Stone si liste over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[5] Pitchfork kåra det til det 56. beste albumet i 1970-åra.[6] I 1995 kåra Mojo albumet til det 62. beste gjennom tidene.[7]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Can.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Future Days»9:30
2.«Spray»8:29
3.«Moonshake»3:04
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Bel Air»20:00

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Ankeny, Jason. "Can: Future Days > Review»Allmusic. Henta 7. mars 2013.
  2. Scaruffi, Piero. «Can». The History of rock (på italiensk). scaruffi.com. Henta 7. mars 2013. 
  3. Leone, Dominique (12. juli 2005). «Can: Future Days». Pitchfork Media. Henta 7. mars 2013. [daud lenkje]
  4. «For the Sake of Future Days: Can's Second Golden Era». PopMatters. Henta 26. juli 2020. 
  5. «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. 17 June 2015. Arkivert frå originalen 24. mars 2018. Henta 26. juli 2020. 
  6. «Top 100 Albums of the 1970s – Page 5». pitchfork.com. Henta 26. juli 2020. 
  7. Stephen, Gordon (August 1995). «Rocklist.net...Mojo Lists...». Mojo. Henta 26. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre