Jaki Liebezeit
Jaki Liebezeit (26. mai 1938–22. januar 2017)[1] var ein tysk trommeslagar og truleg mest kjend som ein av musikarane som starta Can. Han er blitt kalla «ein av få trommeslagarar som på overtydande vis kan blande det som er funky med det som er intellektuelt».[2]
Jaki Liebezeit | |||
| |||
Fødd | 26. mai 1938 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dresden i Tyskland | ||
Død | 22. januar 2017 (78 år) | ||
Dødsstad | Köln | ||
Fødenamn | Hans Liebezeit[1] | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1961-2017 | ||
Sjanger | Krautrock, electronic, frijazz | ||
Instrument | trommer | ||
Tilknytte artistar | Manfred Schoof, Can, Brian Eno, Phantomband, Jah Wobble, Phew, Philip Jeck, Depeche Mode, Bernd Friedmann | ||
Verka som | Musikar |
I midten av 1960-åra var han medlem av kvintetten til Manfred Schoof, som var tidlege eksponentar for europeisk frijazz.[3]
Han flytta seg så mot dei nye høva som opna seg med psykedelisk musikk som medlem av Can. Tromminga hans var ein viktig del av stilen til bandet, særleg på songar som «Halleluhwah» på Tago Mago. Liebezeit er mest kjend for den eksepsjonelle «metronom-stilen» hans og dei andre medlemmane i Can har sagt at han høyres ut som «halvt menneske, halvt maskin».
I 1980 vart han medlem av Phantomband,[3] og har danna tromme-ensemble som Drummers off Chaos og Club off Chaos.[3] Seinare har han spelt med mange andre musikarar, som Jah Wobble[3] og Philip Jeck, Depeche Mode på albumet Ultra og Brian Eno på albumet Before and After Science. I nyare tid har han arbeidd med Burnt Friedman på Secret Rhythms og Schiller på Atemlos.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jaki Liebezeit» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Jon Pareles, «Jaki Liebezeit, Influential Drummer for Can, Dies at 78», New York Times, henta 26. mai 2017
- ↑ «Jeff Norman's website». Uwm.edu. 23. september 1999. Arkivert frå originalen 30. april 2009. Henta 4. mars 2013.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Biography at Spoon Records». Spoonrecords.com. Arkivert frå originalen 19. februar 2008. Henta 4. mars 2013.