[go: up one dir, main page]

Eurovision Song Contest 1957

Eurovision Song Contest 1957 var den andre utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Finalen blei arrangert i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland sundag 3. mars 1957, og programleiar var Anaid Iplicjian. Som under Eurovision Song Contest 1956 året før var konkurransen fyrst og fremst eit radioprogram, sidan fjernsyn på den tida ikkje var særleg utbreidd i Europa.

Eurovision Song Contest 1957
Dato
Finalen 3. mars 1957
Vertskap
Stad
Großer Sendesaal des hessischen Rundfunks
Frankfurt am Main i Vest-Tyskland
Programleiar(ar)
Anaïd Iplicjian
Dirigent
Willy Berking
Kringkastar(ar)
Hessischer Rundfunk for Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Austerrike
Danmark
Storbritannia
Kart
ESC 1957 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga
Røysting
Eurovision Song Contest
Lugano 1956 Hilversum 1958

Deltakartalet steig frå sju til ti land, sidan Austerrike, Danmark og Storbritannia gjorde sin debut. Dette året blei det innført ei rekkje nye reglar frå den fyrste utgåva: kvart land deltok kun med eitt bidrag, og bidraget kunne bli framført av ein solist eller duo. Også avrøystingssystemet blei lagt heilt om ved at kvart deltakarland hadde ei jurygruppe på ti personar som kvar gav eitt poeng til sin favorittmelodi. Jurymedlemmane kunne heller ikkje røyste på sitt eige land sitt bidrag. Poenggjevinga var dette året offentleg, og poenga blei lesne opp under sendinga, land for land over telefon. Undervegs i avrøystinga blei poenga førte opp på ei poengtavle, slik at sjåarane og lyttarane kunne følgje med.

Nederland fekk sin fyrste siger, då Corry Brokken vann klart med songen «Net als toen». Frankrike blei nummer to, mens debutanten Danmark fekk ein tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Luxembourg og vertslandet Vest-Tyskland delte fjerdeplassen.

Bakgrunn

endre
 
Den store radiokonsertsalen der Eurovision Song Contest blei halden 3. mars 1957. Foto: Emaker

Eurovision Song Contest 1957 blei halden i Vest-Tyskland mens Sveits vann året før.[1] Sedvanen med at vinnarlandet frå året før påtek seg arrangementet, var ikkje etablert på dette tidspunktet. I staden var det meininga at arrangementet skulle gå på rundgang mellom landa, men ettersom stadig fleire land melde seg på konkurransen, blei ei slik ordning upraktisk. Vinnarlandet Sveits blei tilbydd arrangementet, men takka nei etter å ha arrangert i 1956.[1][2] I staden påtok tyske Hessischer Rundfunk (HR) seg arrangørjobben og la sendinga til radiokonsertsalen til Hessischer Rundfunk i Frankfurt am Main. Finalen blei halden sundag 3. mars, den tidlegaste datoen i historia til Eurovision Song Contest.

Programleiar for sendinga var den då 21 år gamle tyske skodespelaren Anaïd Iplicjian.

Format

endre

Dette året blei det innført fleire reglar og ordningar som fortsatt er gjeldande den dag i dag. Kvart land fekk frå no av berre delta med eitt bidrag kvar – i 1956 hadde kvart av dei sju deltakerlanda stilt med to songar.

Inspirert av den britiske songkonkurransen Festival of British Popular Songs innførte EBU no ei offentleg og transparent avrøysting.[2] Kvart land hadde ei jurygruppe beståande av ti medlemmar, der den enkelte jurymedlemmen gav eitt poeng til songen vedkomande likte best. I motsetnad til året før kunne ikkje jurymedlemmane røyste på bidraget frå sitt eige land.[2] Denne praksisen gjeld fortsatt i Eurovision Song Contest.

Resultatet frå røystegjevinga blei offentleggjord ved at programleiaren kalte opp juryane i tur og orden over telefon. Ein juryleiar las deretter opp røystene frå landet sitt på direkten, og poenga blei fortløpande førte opp på ei manuell poengtavle.[2]

Reglane antyda bidraga frå kvart land ikkje burde overskride tre minuttar.[2] Trass i dette var det stort sprik i lengda på bidraga frå dei forskjellige landa. Ytterpunkta var det italienske og britiske bidraget: Det italienske bidraget varte 5 minuttar og 9 sekund, det britiske i 1 minutt og 52 sekund. Italia blei ikkje diskvalifisert, trass i sterke protestar.[1][2]

Deltakande land og bidrag

endre
 
Danmarks Gustav Winckler og Birthe Wilke avslutta framsyninga si med eit langt kyss.

Ti land deltok i Eurovision Song Contest i 1957: I tillegg til dei sju landa som deltok i 1956, slutta Austerrike, Danmark, Storbritannia seg til Eurovision Song Contest for fyrste gong.

Norden debuterer

endre

Danmark var det fyrste av dei nordiske landene til å delta i Eurovision Song Contest. Og Birthe Wilke og Gustav Winckler song Danmark inn til ein tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Songen er ein kjærleiksballade, der songarane skiljast før éin av dei føretek ei sjøreise på skipet som nemnast i teksten.[2] Songen blei særleg kjend for kysset som duoen utvekslar på slutten av framføringa – det lengste scenekysset i historia til Eurovision Song Contest.[1][3] Kysset blei ekstra langt fordi ein scenearbeidar gløymde å signalisere til duoen at dei skulle slutte.[4]

Sendinga

endre

Finalen blei overført i svart-kvitt direkte frå radiokonsertsalen til Hessischer Rundfunk sundag 3. mars 1957 klokken 21.00–22.09 sentraleuropeisk tid.[5] Svært få europearar hadde fjernysn på denne tida, og sendinga var i stor grad lagd opp som ei radiosending utan mykje staffasje og dekor. Det var rundt 400 publikumarar i salen.[2]

Sendinga starta med bilete av orkesteret, Hessischer Rundfunk sitt store danseorkester, under leiing av Willy Berking.[6] Orkesteret var plassert på venstre scenekant, sett frå salen. Deretter panorerte kameraet til midten av scena, der det for høvet var bygd ei stor trapp. Til høgre for trappa var det ei lita scene der artistane opptredde. Bak artistane var ein lyreforma liten scenevegg som hadde ulike bakgrunnsbilete etter temaet til songen som blei framført. Til døme var det et bilete av brustein under det belgiske bidraget, «Straatdeuntje» (gatemelodi).[6]

Programleiar Anaïd Iplicjian kom ned trappa og heldt deretter ein kort introduksjon på tysk.[6] Deretter starta gjennomgongen av dei ti bidraga. Rekkjefølgja var blitt avgjord ved loddtrekking dagen før.[6] Belgia opna, mens fjorårsvinnar Sveits og Lys Assia avslutta.

Avrøystinga

endre
 
Corry Brokken sikra Nederland sin fyrste siger. Her fotografert i 1961. Ho deltok også året etter og var programleiar i 1976. Foto: Jack de Nijs, Anefo

Etter at alle land hadde framført bidraga sine, starta avrøystinga med ein gong. På den eine sida av scena var det sett opp eit stort europakart med dei ti deltakerlanda markerte. Kvar hovudstad var merka med ei lampe som blinka når det aktuelle landet blei ringt opp for å avgje røyster.[6] Mens programleiar Iplicjian forklarte korleis avrøystinga skulle gjennomførast, kunne sjåarane og lyttarane sjå og høyre scenearbeidarar som febrilsk rigga til eit telefonbord framfor kartet. Deretter sette programleiaren og assistenten, berre omtalt som «Fru Damm», seg ned og ringte opp jurygruppene i motsatt rekkjefølgje av deltakarrekkjefølgja.[6]

Avrøystinga var prega av dårleg og svak ljod, i tillegg til flere tekniske forstyrringar. Fleire av landa, blant anna Italia, Nederland og Sveits, las opp poenga sine på tysk. Andre land las opp poenga på fransk eller engelsk. Frå 1958 måtte alle poeng bli lesne opp på anten engelsk eller fransk.

Nederland tok leiinga frå starten av etter å ha fått 7 poeng frå Sveits. Deretter følgde fleire høge poeng fra dei to neste jurygruppene Danmark og Frankrike. Då tre av ti jurygrupper hadde røysta, leia Nederland med 14 poeng, mot Tyskland sine 6. Nederland fekk poeng frå alle land og avslutta med 31 poeng, nesten dobbelt så mange som andreplassen Frankrike med 17 poeng.[7]

Deretter kom direktøren til Hessischer Rundfunk, Eberhard Beckmann, på scena og overrekte medaljar til vinnarartisten Corry Brokken og låtskrivarane Guus Jansen og Willy van Hemert. Deretter framførte Brokken «Net als toen» om igjen, akkompagnert av Sem Nijveen på fiolin. Dolf van der Linden dirigerte orkesteret for Nederland.

Deltakarar

endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[7][8][9] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnene til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01   Belgia Bobbejaan Schoepen «Straatdeuntje» Nederlandsk 8 5
02   Luxembourg Danièle Dupré «Amours mortes (tant de peine)» Fransk 4 8
03   Storbritannia Patricia Bredin «All» Engelsk 7 6
04   Italia Nunzio Gallo «Corde della mia chitarra» Italiensk 6 7
05   Austerrike Bob Martin «Wohin, kleines Pony?» Tysk 10 3
06   Nederland Corry Brokken «Net als toen» Nederlandsk 1 31
07   Vest-Tyskland Margot Hielscher «Telefon, Telefon» Tysk 4 8
08   Frankrike Paule Desjardins «La belle amour» Fransk 2 17
09   Danmark Birthe Wilke og Gustav Winckler «Skibet skal sejle i nat» Dansk 3 10
10   Sveits Lys Assia «L'enfant que j'étais» Fransk 8 5

Tilbakevendande artistar

endre
Artist Land Deltok Merknadar
Lys Assia   Sveits 1956 Song båe deltakerlåtene til Sveits: «Das alte Karussell» og «Refrain», og vann med sistnemnde.
Corry Brokken   Nederland Song «Voorgoed voorbij», den eine av to bidraga til Nederland det året.

Poengtavle

endre

Tavla er ordna i same rekkjefølgje som landa røysta i.[10]

 Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                   
  Belgia 1 2   2           5 8
  Luxembourg           3 4 1   8 4
  Storbritannia 2       1 1   1 1 6 7
  Italia   1     2   2 1 1 7 6
  Austerrike         1   2     3 10
  Nederland 7 3 4 1 6 1 1 3 5 31 1
  Vest-Tyskland     6     1     1 8 4
  Frankrike   2 6 1     2 4 2 17 2
  Danmark       5   3 2     10 3
  Sveits 2   1     1   1   5 8

Dirigentar

endre

Mens Willy Berking var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[11]

  1.   Belgia – Willy Berking
  2.   Luxembourg – Willy Berking
  3.   Storbritannia – Eric Robinson
  4.   Italia – Armando Trovajoli
  5.   Austerrike – Carl de Groof
  6.   Nederland – Dolf van der Linden
  7.   Vest-Tyskland – Willy Berking
  8.   Frankrike – Paul Durand
  9.   Danmark – Kai Mortensen
  10.   Sveits – Willy Berking


Kommentatorar og poengopplesarar

endre

Poengopplesarar

endre

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga.

  1.   Sveits – Mäni Weber
  2.   Danmark – Gunnar «Nu» Hansen
  3.   Frankrike – Claude Darget
  4.   Tyskland – Joachim Fuchsberger
  5.   Nederland – Siebe van der Zee[12]
  6.   Austerrike – Ukjend
  7.   Italia – Nunzio Filogamo[13]
  8.   Storbritannia – David Jacobs
  9.   Luxembourg – Ukjend
  10.   Belgia – Bert Leysen


Kommentatorer og kringkastere

endre

Alle deltakerlanda overførte finalen direkte og dei fleste hadde eigne kommentatorar. Under er ei oversikt over kjende kommentatorar under Eurovision Song Contest 1957.[14]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
  Austerrike ORF ORF Ingen kommentator [15]
  Belgia INR INR Janine Lambotte [16]
NIR NIR TV Nic Bal
  Danmark Statsradiofonien Statsradiofonien Fjernsyn Svend Pedersen [17]
Program 2
  Frankrike RTF RTF Télévision Robert Beauvais [18]
Paris-Inter Ukjend [19]
  Italia Rai Programma Nazionale Bianca Maria Piccinino [20][21]
Secondo Programma
  Luxembourg CLT Télé-Luxembourg Brukte den franske kommentatoren [22]
  Nederland NTS NTS Piet te Nuyl Jr. [23]
  Storbritannia BBC  BBC Television Service Berkeley Smith [24][25]
  Sveits SRG SSR SRG Ukjend [18]
TSR TV Robert Beauvais [18]
Radio Beromünster Ukjend [19]
Radio Sottens Ukjend
Radio Monte Ceneri Ukjend

Kommentatorar og overføringar i ikkje-deltakande land

endre

Sendinga kunne også bli overført av ikkje-deltakande EBU-medlemmar, og både Monaco og Sverige overførte sendinga.

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
  Monaco Radio Monte-Carlo Ukjend [19]
  Sverige SR Sveriges Radio TV Nils Linnman [26]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Eurovision Song Contest 1957». Eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 13. august 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «#ThrowbackThursday to 60 years ago: Eurovision 1957». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 26. oktober 2017. Arkivert frå originalen 27. juni 2023. Henta 13. august 2023. 
  3. Gert (19. mars 2016). «Det forbudte kys». Berlingske. Henta 6. desember 2016. 
  4. Johannesen/ Bergman, Anna/ Jan (23. mars 2011). «Birthe Wilke fortæller om kysset med Gustav Winckler | BILLED-BLADET». Billed-Bladet (på dansk). Henta 23. juni 2018. 
  5. «Danmarks Radio – Radio og fjernsyn 3. marts 1957». Alle tiders programoversigter. www.dr.dk. Henta 13. august 2023. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «Eurovision Song Contest 1957 – Full Show (Remastered – 50fps)». HR/ARD/EBU. 3. mars 1957. Henta 13. august 2023 – via YouTube/ Svensk TV. 
  7. 7,0 7,1 «Final of Frankfurt 1957». Eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 7. juli 2022. 
  8. «1957 – Diggiloo Thrush». www.diggiloo.net. Henta 13. august 2023. 
  9. «Participants of Frankfurt 1957». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 13. august 2023. 
  10. «Results of the Final of Frankfurt 1957». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 7. juli 2022. 
  11. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  12. «Verrassingen». De Telegraaf (på nederlandsk). 4. mai 1957. s. 2. Arkivert frå originalen 6. oktober 2022. Henta 22. juni 2022. 
  13. Abbate, Mauro (7. mai 2022). «Italia all'Eurovision Song Contest: tutti i numeri del nostro Paese nella kermesse europea» (på italiensk). Notizie Musica. Arkivert frå originalen 9. juni 2022. Henta 1. juli 2022. 
  14. Beckmann, Ederhard (3. mars 1957). «The Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union (EBU), Zweites Deutsches Fernsehen (ZDF). Henta 7. juli 2022. 
  15. «Bob Martin – Østerrike 1957». eurovision.tv (på engelsk). Henta 9. oktober 2022. 
  16. «Programma's Binnen- en Buitenlandse Zenders». www.delpher.nl (på nederlandsk). De Telegraaf. 2. mars 1957. s. 13. Arkivert frå originalen 2. juni 2022. Henta 9. oktober 2022. 
  17. «Sendeplan 3. mars 1957» (PDF). www.danskkulturarv.dk. Dansk Kulturarv. Arkivert frå originalen 5. juni 2022. Henta 9. oktober 2022. 
  18. 18,0 18,1 18,2 «Le Journal de la Télévision. Radio – Je vois tout». Radio Je vois tout - actualité télévision. Scriptorium digitalt bibliotek. 28. februar 1957. Henta 9. oktober 2022. 
  19. 19,0 19,1 19,2 «Radio Je vois tout - actualité télévision». scriptorium.bcu-lausanne.ch. 28. februar 1957. Henta 9. oktober 2022. 
  20. «Radio e televisione». La Stampa – Consultazione Archivio. La Stampa. 30. mars 1957. Henta 9. oktober 2022. 
  21. «Eurovision Song Contest 1957» (på italiensk). Eurofestival News. 11. september 2016. Henta 13. august 2023. 
  22. «Danièle Dupré – Luxembourg 1957». eurovision.tv (på engelsk). Henta 9. oktober 2022. 
  23. «Vertrokken naar song-festival». www.delpher.nl (på nederlandsk). De Telegraaf. 1. mars 1957. s. 7. Arkivert frå originalen 6. oktober 2022. Henta 9. oktober 2022. 
  24. «Grand Prix of the 1957 Eurovision Song Contest». genome.ch.bbc.co.uk. BBC Programme Index. 3. mars 1957. Henta 9. oktober 2022. 
  25. Roxburgh 2012, s. 152–158.
  26. Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna: de svenska uttagningarna och internationella finalerna (på svensk). Premium Publishing. s. 10–11. ISBN 91-89136-29-2. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1957