Store norske leksikon overtok nettstaden Jusleksikon.no i november 2022, og integrerte mykje av innhaldet i Store norske leksikon i 2023. Overtakinga var del av ei større satsing på å forbetre og utvide juss-innhaldet i SNL.
Jusleksikon.no vart starta av Fredrik Ljone i 2012. Det var eit omfattande oppslagsverk med sentrale omgrep frå heile det juridiske fagområdet. Ambisjonane i prosjektet var å sikre fri tilgang til juridisk informasjon for å sikre rettstryggleik, i tillegg til å gjere jussen meir tilgjengeleg, på ein strukturert og lett forståeleg måte. Det er ambisjonar som er samanfallande med SNLs.
Jusleksikon.no hadde 2302 artiklar, som vart gjennomgått og kvalitetssikra av juristar som er knytte til SNL, før dei vart publiserte på snl.no.
Det juridiske innhaldet i SNL hadde tidlegare for varierande kvalitet, og det var svært mange omgrep som ikkje var dekte. Frå 2022 auka vi satsinga på juss, og overtakinga av Jusleksikon.no var ein del av denne satsinga.